sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2017-08-03
Bli med i jakta etter storauren på Hardangervidda
Bli med i jakta etter storauren på Hardangervidda
I vatna rundt Stavali turisthytte går det aure på både to og tre kilo.
Bergen og Hordaland turlag inviterer til jakt på storauren i vatna på Hardangervidda frå Stavali 7.–11. august. På turen får du vite kor du skal gå for å finne dei store fiskane, skriv turlaget på sine heimesider.
Fiskeguidane Terje og Emil Engø vil vera der for å gi råd og hjelp til dei som ønsker å auka moglegheitene for fangst.
På Stavali sørger hyttevert Kjetil Hauge for eit godt opphald på Stavali turisthytte. Han har drive støl på Stavali i mange år, og kjenner området og veit kor ein bør gå for å få fisk.
Turlaget oppmodar til å ta med eigen mark. – Alt etter vêr og vind tar fisken på både floge, spinnar, sluk og meitemark, skriv dei.
Dei som vil delta på auredagane kan møta opp på Stavali. Ein må betala kost og losji under opphaldet.
– Kveldane på hytta kan vera eineståande høve til å utveksla erfaringar og opplevingar, skriv Bergen og Hordaland turlag.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 3 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS