sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2017-11-05
50 000 kveiter verdt 5 milioner kroner er på rømmen!
50 000 kveiter verdt 5 milioner kroner er  på rømmen!
Tubilah AS sitt lukka anlegg ved Foldrøyholmen. Foto Nils-Tore Sele.
50.000 kveiter til en verdi av 5 milioner kroner rømde tysdag frå Tubilah AS sitt oppdrettsanlegg ved Folderøyholmen, melder Bømlo-nytt.
To fiskarar har prøvd å få tak i kveitene ved å setja botnagarn både nært anlegget og eit stykke frå anlegget, utan større suksess. Det er planen at det skal drivast fiske til over helga, men dette er ei avgjerd som vert gjort i samråd med Fiskeridirektoratet. Oppdrettsselskapet og direktoratet har samarbeidd godt og hatt ein fin dialog i dagane etter at rømminga vart oppdaga, seier dagleg leiar ved Tubilah AS Jan Ove Morlandstø.
– Rømminga er som å få eit slag i nakken. Det er som å få ein 2/4-plank i bakhovudet. Det gjer skikkeleg vondt. Dette er basje. No gjer me alt me kan for å redusera skaden. Papirmølla er svær. Mykje dokumentasjon skal finnast, til forsikringselskap og andre, seier Jan Ove Morlandstø.

Sjekkar fjordbotnen

Morlandstø fortel at selskapet torsdag ettermiddag vona å kunna setja ein ROV-farkost inn i leitinga etter fisken. Undervassfarkosten med påmontert kamera kom først til staden på fredag. Amundsen Diving er hyrt inn for å finna ut om kveitene har lagt seg til på fjordbotnen i området nærast oppdrettsanlegget. – Kveita går rett til botn når ho rømmer, i motsetnad til laksen, seier seksjonsleiar Leni-Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet til NRK Hordaland.
– Eg veit ikkje, seier Morlandstø, om utspelet frå direktoratet.
– Håpet er å finna kveitene under anlegget, og det er fint om det slår til. Samstundes er det slik at anlegget vårt ligg i eit område av sundet der det er sterk straum. Det er godt mogleg at straumen har ført med seg kveitene, meiner han.

Skuldast uvêr

Då Fiskeridirektoratet melde om kveiterømminga på Bømlo tysdag kveld, opplyste dei at det er første gongen kveite i så stort omfang har rømt frå eit oppdrettanlegg. Representantar frå Fiskeridirektoratet har seinare opplyst på Vestlandsrevyen at årsaka til rømminga skal vera at uvêr sist helg førte til at store komposittrister i botnen på dei store kara ved oppdrettsanlegget kom ut av stilling. Det gjorde at fisken tok seg ut til fridomen i Stokksundet.
Om nokon skulle få småkveite i området, ønskjer Fiskeridirektoratet tips om dette for å få betre oversikt over omfanget av rømminga med tanke på korleis fisken spreier seg. I så tilfelle kan publikum ringja deira døgnopne vaktsentral.
– Eg kan ikkje kommentera dette med årsak til rømminga frå anlegget, seier Morlandstø.

Tapar store summar

Morlandstø fortel at kveiterømminga medfører store økonomiske konsekvensar for selskapet. Fisken har ein verdi på over fem millionar kroner i den storleiken han hadde no. I tillegg kjem tapet selskapet lir på å ikkje få seld kveitene til forventa marknadspris når dei var store nok.
– Me ville ha alt kveitene opp til fem kilo før me selde dei. Kveite har ein kilopris på 100 kroner, seier Morlandstø, og indikerer at fem millioner i tap berre er eit forsiktig anslag.
– På kort sikt får det ikkje så store konsekvensar, men me vil få eit hól både i slakting og likviditet ei stund fram i tid, forklarer han.
Selskapet er forsikra, men Tubilah AS reknar ikkje med å få dekka inn den totale verdien på all rømt fisk.
– Det blir tøft framover, men me satsar alt på å greia oss, uttalar Morlandstø, og fortel at det framleis er rundt 150.000 kveiter att på anlegget ved Foldrøyholmen.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 2 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS