Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Låge nivå av miljøgifter i fisk og skalldyr i Førdefjorden

I 2015 gav regjeringa løyve til gruveverksemd i Engebøfjellet i Naustdal kommune og deponering i Førdefjorden. Mattilsynet har no kartlagt nivået av miljøgifter i fisk og sjømat i Førdefjorden i Sogn og Fjordane før det eventuelt vert oppretta eit sjødeponi med gruveavfall.

Kartlegginga viser at fisk, blåskjel og kreps i har låge nivå av miljøgifter og er trygg å ete, melder tilsynet på sine nettsider.

I den 36 kilometer lange Førdefjorden, som ligg nord for Sognefjorden, 50 kilometer innover frå Florø, er det omfattande fiske og oppdrett. I 2007 vart Førdefjorden nasjonal laksefjord av omsyn til laksebestanden i lakseelvane Nausta og Jølstra.

- Det er viktig i seg sjølv å vite tilstanden for sjømaten i fjorden. Men ekstra viktig har det vore å få greie på det før det eventuelt vert oppretta eit sjødeponi for gruveavfall. No kan seinare undersøkingar syne om utslepp påverkar mattryggleiken eller ikkje, seier Elisabeth Wilmann, direktør for fisk og sjømat i Mattilsynet til Fiskeribladet.

Kategori: