Miljødirektoratet vil ha en ny felles organisering og forvaltning for Hornindalsvassdaget og har i det høvet føreslege stans i fisket i Eidselva og resten av vassdraget neste år .
Eid Elveeigarlag har arbeidd mykje med organisering i Eidselva og har eit bra opplegg her og ei god rapportering. Dette er ikkje nok lenger og kravet om felles forvaltning for heile den lakseførande delen av vassdraget skal no handhevast
Då forslaget om stenging av elva frå neste år kom tidlegare i år vart mange svært forundra. Elveeigarlaget har for så vidt visst om kravet om felles organisering ei tid, men vi har satsa på å gjere det som er råd for sjølve Eidselva. Dette meiner vi at vi har klart, og vi har også eit klart inntrykk om at FM også har vore nøgde med arbeidet vi har gjort. Vi har vore avventande til å "rote oss inn på andre sitt område" og legge oss bort dei andre grunneigarlaga sitt arbeid. No må vi få til ei felles organisering og forvaltning av heile vassdraget og dette opplegget må vere så godt at det vert godkjent av FM. For å unngå fiskestans neste år må dette arbeidet vere godt i gang og innrapportert innan starten på september.