Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Kategori:

Leiar Kirsti Fagerslett i Eira elveeigarlag håper Eira kjem til å bekrefte ryet som ei god lakseelv også i år. Ved midnatt søndag går startskotet for årets sesong i dei større elvane.

Mykje fisk i elva: – Det er mykje fisk i elva. Det meste tyder på nok ein god Eira-sesong, seier leiar Kirsti Fagerslett i Eira elveeigarlag. 

Mykje fisk i elva: – Det er mykje fisk i elva. Det meste tyder på nok ein god Eira-sesong, seier leiar Kirsti Fagerslett i Eira elveeigarlag. 

Arbeidet på klekkeriet har verkeleg begynt å vise resultat. – Dei gjer ein veldig god jobb.

RUGG: Det er teke mange store ruggar i Eira opp gjennom åra. Arkivbilde. 

RUGG: Det er teke mange store ruggar i Eira opp gjennom åra. Arkivbilde. 

NYHETER

PUBLISERT:28 MAI 2020 15:02SIST OPPDATERT:29 MAI 2020 07:50

  • Skrevet av Sigmund tjelle Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

– Utviklinga har vore god dei seinare åra. I fjor var Eira ei av dei få elvane som kan vere nøgde med sesongen. Det vart teke 2630 kilo med laks og 151 kilo med aure, fortel Fagerslett.

Tal frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal viser at det vart teke ein totalfangst på 24,3 tonn i elvane i fylket i fjor. Surna hadde klart størst fangst med 5,1 tonn. Eira og Driva kom likt ut med 2,6 tonn.

– Fangsten i Eira er det all grunn til å vere nøgd med. Fisket har enkelte år vore litt opp og ned. Det har vore år der vi har vore bekymra, men dei siste tre åra har det gått rett veg, seier Fagerslett.

Viktig settefiskanlegg

Statkraft sitt settefiskanlegg i Eresfjord er svært viktig for elva. Av den totale fangsten i fjor kom rundt 80 % frå klekkeriet. All vil hofisk vart sett ut igjen. I år skal all villfisk settast ut igjen.

– Det er berre den fettfinneklipte fisken frå klekkeriet som kan takast opp. Vi ønskjer å sleppe villaksen ut i elva igjen. Det er ikkje lov å ta opp meir enn to laksar og ein aure i løpet av eit døgn.

Fagerslett seier arbeidet på klekkeriet verkeleg har begynt å vise resultat.

– Dei gjer ein veldig god jobb. Kultiveringsarbeidet gir gode resultat, fastslår ho.

Mykje fisk i elva

Leiaren i elveeigarlaget fortel at det var mykje gytefisk i elva i fjor haust.

– I fjor haust hadde vi folk i dykkardrakt som let seg flyte nedover elva for å telje fisk. Dei talte 940 laks og 522 vaksne sjøaura. Det teiknar bra og er det meste vi har talt sidan 2007. Ei av utfordringane i elva er attgroinga. Elveeigarlaget har hatt eit prosjekt på dette der vi har fått reinska opp i botnen. Statkraft ønsker å gjennomføre eit større arbeid med habiatforbetrande tiltak.

NJFF har teke over deler av elva

I år har Nesset Jeger og Sportsfiskarlag teke over området i øvre del av elva som Eira flyfishing tidlegare hadde. Fagerslett seier foreininga har gjort ein god jobb både med merking av høler og på informasjon. Det er lett å kjøpe fiskekort.

Fagerslett er glad for at situasjonen med Korona-pandemien ikkje ser ut til å legge større hindringar i vegen verken for Engelskhuset eller Siramoen som tilbyr opphald på nokre dagar til tilreisande fiskarar.

– Dei må tilpasse situasjonen, men det er veldig bra at dei får halde fram verksemda.

Rekreasjon

I år er det mykje snø i fjellet. Det blir godt med vatn i elva framover. Kiristi Fagerslett reknar med at det blir teke fisk i elva allereie det første døgnet.

– Fiskar du sjøl?

Vi har ei flott strekning som vi leiger ut delar av sesongen. I august sett vi av ein del dagar til oss sjøl. Laksefisket handlar ikkje berre om fangsten. Det er veldig mykje rekreasjon. Store delar ev Eira ligg eit godt stykke frå bilveg og hus. Det er ei oppleving å stå langs breidda og vente på at fisken skal bite. Her nede ved breidda nedanfor garden har vi sett opp ein gapahuk der vi kan kose oss.

Fri for gyro

Eira har så langt halde seg gyrofri.

– Vi er framleis redde for at det kan dukke opp smitte også hos oss. Det er veldig viktig at alt utstyr vart desinfisert. Det er sett opp ein desinfiseringsstasjon ved Coopen.

Kategori:

I en pressemelding opplyser Norges Jeger- og Fiskerforbund at sportsfiskere observerte syk og døende laks ved årets start på laksefiske i Berbyelva i Enningsdalsvassdraget i Østfolk. Nå ber foreningen Miljødirektoratet om å innføre umiddelbar stopp i sjølaksefisket rundt vassdraget for å ivareta gytefisk på innsig.

Laksen ble sendt til analyse, men foreløpig vet man ikke hva det er som feiler fisken.

Kategori:

Tana tronar på toppen av lista over norske elvar og vassdrag der det i gjennomsnitt er teke flest fisk dei siste ti åra. På dei to neste plassane følgjer Namsenvassdraget og Altavassdraget. I Tana har fangsten vore rett under 11 000 fisk i året i gjennomsnitt.

FORFATTAR: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kategori:

 

Ungfisk av laks og sjøørret er i stand til å forsere beverdemninger. Foto: Duncan J. Halley, NINA

Ungfisk av laks og sjøørret er i stand til å forsere beverdemninger. Foto: Duncan J. Halley, NINA

Beveren er ansett som en av de fremste ingeniørene i dyreriket, fordi den bygger demninger over elver for å lage dammer med dypt og stille vann. Samtidig har en økende forekomst av denne byggmesteren skapt bekymring for om demningene har negativ innflytelse på bestandene av atlantisk laks Salmo salarog sjøørret Salmo trutta.