Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Finsk selskap kjøper småkraftverket i Stardalen før det er bygget!

For fem år siden fikk de grønt lys av OED for kraftverket sitt i Stardalselva i Jølster. I dag er arbeidet i gang, og kraftstasjionen skal stå ferdig i 2020. Men det er ikke Stardalen Kraft som skal eie og drive det. Det er allerede solgt til det finske selskapet  SV Vattenkraft. Fiskeguiden.no stiller seg undrende til planene for raseringen av den vakre Stardalen under Jostedalsbreen. Bare for kort tid siden ble et kraftprosjekt  lenger nede i vassdraget stoppet av NVE av hensyn til  naturverdiene som ville gå tapt.

Straum til 2500 husstandar

Utbygginga av Stardalselva, som hentar vatnet sitt frå Jostedalsbreen, er ei stor småkraftutbygging på rundt 50 GWh. Kraftmengda som skal leverast frå dette kraftverket vil kunne dekke straumforbruket til rundt rekna 2500 husstandar.

– Dette blir eit av landets største småkraftverk, seier administrerande direktør i Bekk og Strøm, Carl-Fredrik Lehland, 

Bekk og Strøm driv frå før 22 småkraftverk rundt om i landet. I fleire tilfelle skjer dette i samarbeid med SV Vattenfall. Selskapet har også fleire utviklingsprosjekt under arbeid.

Tinfos, som tek seg av utbygginga i Stardalselva, er eit av Norges eldste kraftselskap. Tinfos har lang røynsle med utbygging og drift av kraftverk, både her i Norge og i utlande

Konsesjonen for kraftverket vart gitt til det grunneigareigde Stardalen Kraft AS i 2014, etter at dei hadde arbeidd med prosjektet sidan 2003. Tinfos overtok selskapet i 2015, og er no i gang med å gjennomføre utbygginga. Når utbyggingsfasen er over og kraftverket kan takast i bruk, blir det nytt eigarskifte. Då overtek SV Vattenkraft, og selskapet sin norske representant, Bekk og Strøm, tek seg av drifta.

 

Grunneigartalsmann Narve Heggheim vil ikkje ha sterke meiningar om den utanlandske eigarskapen som er på veg inn.

– I dag har veldig mange kraftprosjekt utanlandske eigarar. Marknaden og bransjen er slik at dette skjer, og vi har sett denne utviklinga over tid. Spørsmålet er om alle desse utbyggingane hadde blitt noko av, utan den utanlandske eigarskapen. Eg trur den bidreg til at fleire prosjekt blir realiserte, seier Narve Heggheim, seier han til avisa Firda.

Kategorie: