Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Namsenvassdraget på topp

  • Laksefiskarane i Namsenvassdraget drog på land ein samla fangst på 8 900 laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i 2019, noko som er ein auke på 18 prosent frå året før.

8 prosent av fiskane vart sleppte levande ut igjen, medan 92 prosent vart avliva. Med dette var Namsenvassdraget laksefiskevassdraget med flest landingar i 2019.

Etter Namsen er det i Tanavassdraget det vart fiska mest. Det vart fiska 7 900 laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i den norske delen av Tanavassdraget i 2019. Det er ein nedgang på 21 prosent frå året før. 98 prosent av fiskane vart avliva, og 2 prosent vart sleppte levande ut i elva igjen.

Størst del fang og slepp i Gaula og Orkla

Gaula og Orkla er dei største vassdraga når det gjeld fang og slepp.

I 2019 vart det fiska 3 900 laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i Gaulavassdraget, og 65 prosent av desse vart sette ut igjen. Tilsvarande tal for Orkla var 3 700 fisk totalt, og av desse vart 60 prosent sette ut igjen.

Kategorie: