Langvarig fiske har truleg ikkje endra genane til torsken

Langvarig fiske har truleg ikkje endra genane til torsken

Torsk som ligg tett i tett på dekk.

Torskefisket går tilbake tusen år både ved norskekysten og ved Newfoundland, men det industrielle fisket tok fart etter andre verdskrigen.

Fotograf: Kjartan Mæstad / Havforskingsinstituttet

1/3

Prøvar av norsk og kanadisk torsk samla inn mellom 1907 og i dag avslører at fisken sitt DNA har vore stabilt over tid.

Publisert: 21.04.2021 Forfatter: Runar Bjørkvik Mæland

– Det er ein viktig milepæl i forskinga – og kanskje ein noko overraskande milepæl, seier havforskar Olav Kjesbu.

Han er medforfattar på studien saman med andre forskarar frå Havforskingsinstituttet (HI), Universitetet i Oslo (UiO) og Rutgers University i USA. Studien er publisert i tidsskriftet til det prestisjetunge amerikanske vitskapsakademiet, PNAS.

Torsken blir tidlegare kjønnsmoden

Alderen då torsken kjem i «puberteten» har gått ned i perioden etter at det industrielle torskefisket starta på 50-talet. Samstundes har torskane som blir fiska blitt noko mindre. Dette har vore kjent i alle fall sidan 1990, då HI-forskar Terje Jørgensen kunne dokumentera utviklinga.

Sidan har det vore mykje forsking på og diskusjon om årsaksforklaringa.

Ein del forskarar har meint at det høge fiskepresset har ført til genetiske endringar i bestanden, fordi fisken som blir tidlegare kjønnsmoden lettare får ført sine genar vidare. Dette blir kalla fiskeri-indusert evolusjon.

Det er denne hypotesen forskarane no har testa ved å analysera DNA-prøvar frå atlantisk torsk både før og etter starten på det industrielle fisket.

– Det var ingen store tap i genetisk mangfald, og ingen store endringar som tyda på intensiv fiskeri-indusert evolusjon, konkluderer hovudforfattar Malin L. Pinsky på nettsidene til Rutgers.

Analyserte gamle og nye prøvar

Dei eldste prøvane som er analysert i studien, er fiskeskjel frå skrei som blei tatt under Lofotfisket allereie i 1907. Desse blei samanlikna med vevsrestar frå øyresteinar av skrei tatt i 2011 og 2014.

DNA-analysane blei gjort ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) ved UiO. Dei fekk også øyresteinar av torsk frå Canada som var tatt ved Newfoundland i 1940 og 2013. Forskarane analyserte heile genomet frå dei i alt 113 individa – til saman nesten 11 milliardar gensekvensar.

Det gjorde altså at dei kunne konkludera med at genomet til den atlantiske torsken på begge sider av Atlanterhavet har vore stabilt dei siste hundre åra. 

Forvalting og klima påverkar torsken si modning

Kva er så den alternative forklaringa på at torsken kjem tidlegare i puberteten enn før? Mest sannsynleg har det å gjera med «fenotypisk plastisitet». Det betyr at dei same genane kan uttrykka seg ulikt under ulike forhold.

Enkelt sagt: Viss du et meir, så legg du på deg, utan at genane dermed endrar seg.

– Fenotypisk plastisitet medfører at torsken er sensitiv for endra fiskepress og klimaforhold. Dette kan forklare utviklinga vi har sett i bestanden, og bør no få større merksemd i forskinga framover, seier Olav Kjesbu.

Oppsida er at berekraftig forvalting og gode miljøforhold for bestanden kan få torsken til å veksa seg større igjen. Dette ville vore vanskelegare om tidleg kjønnsmodning var blitt «koda inn» i DNA-et.

For å bruka same eksempel igjen: Ved å eta mindre, kan du bli slankare.

– I Noreg har ein også sett at snittalderen ved kjønnsmodning har svinga litt opp dei siste åra. Det er sannsynlegvis eit resultat av god forvalting, kombinert med eit gunstig klima for skreien, seier Kjesbu.

I Canada kollapsa torskebestanden rundt 1990. Den har endå ikkje bygd seg opp att, men er på veg.

Hylle med gamle pappesker.Forskarane kan framleis læra mykje av dei gamle prøvane frå arkivet. Foto: Anders Jacobsen / HI

Gull frå arkivet gir ny vitskap

For over hundre år sidan tok ein skjelprøvar for å lesa alderen av fisken. Seinare gjekk ein over til å bruka øyresteinar (otolittar på fagspråket), slik ein framleis gjer i dag.

HI har eit arkiv med fleire millionar otolittar og fiskeskjel, sirleg sortert i papirkonvoluttar og pappesker. Skjelprøvane frå 1907 er blant dei aller eldste som finst i arkivet.

– Vi fann ut at slike prøvar ofte har oppsiktsvekkande god DNA-bevaring, som er av tilstrekkeleg kvalitet for å tillate detaljert genetisk analyse over tidsperiodar, seier UiO-forskar Bastiaan Star til Titan.uio.no. Star meiner studien ikkje vore mogleg med metodane ein hadde for berre 20 år sidan.

Havforskar Jane Aanestad Godiksen gjorde «detektiv-arbeidet» med å velja ut representative prøvar frå arkivet, som ho sende til Oslo for analyse. Studien er del av eit større genom-prosjekt ved CEES, som også omfattar andre analysar av materiale frå HI-arkivet. Ein tidlegare studie kom i 2016.

– Eg synest det er fantastisk å tenka på at det sat nokre menneske på starten av førre hundreår og såg verdien i å ta vare på desse strukturane, slik at vi i dag kan undersøka ting dei ikkje hadde nokon idé om den gongen, seier Godiksen.

– Tenk kva dei kanskje kan om 100 år, undrar ho.

Les meir om HIs otolitt-arkiv: Sigmund holder styr på flere millioner fiske-ferdskrivere

Referanse

Malin L. Pinsky et al. (2021). «Genomic stability through time despite decades of exploitation in cod on both sides of the Atlantic». Proceedings of the National Academy of Sciences of USA, 118: 15.

Sidepanel

Kontakt

olav

Olav Kjesbu 

Forsker

93047611

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

jane

Jane Aanestad Godiksen 

Forskningssjef

46673311

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kontaktpersonar ved Universitetet i Oslo:

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. og Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

Temasider

skrei.jpg

Tema

Tema: Torsk – nordøstarktisk (skrei)

Relaterte saker

Kategori: