Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Stor aktivitet i elvene i Drivaregionen 

Stor aktivitet i elvene i Drivaregionen 

Klorforsøk i Driva. Anders G. Hagen, NIVA og Kjetil Olstad NINAKlorforsøk i Driva. Anders G. Hagen, NIVA og Kjetil Olstad NINA

I sommar har det blitt gjennomført forsøk i både Driva og Litldalselva for å finne beste metode i kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris i desse elvene.

Publisert 16.09.2021

Klor og sporstoff

I Driva har Norsk institutt for vannforskning (NIVA) og Norsk institutt for naturforskning (NINA) i samarbeid med Veterinærinstituttet gjennomført eit storskala klorforsøk for å teste bruk av klor som middel mot parasitten. Dette skjer på oppdrag for Miljødirektoratet.

I Litldalselva gjennomfører Asplan Viak sporstoff-forsøk på oppdrag for Statsforvaltaren for å undersøke om det er inntrenging av overflatevatn frå elva til grunnvassbrønnar.

Begge forsøka har relevans for val av metodikk når tiltak mot parasitten i Drivaregionen skal gjennomførast.  Dette er planlagt i 2022 og 2023 om det blir løyvd midlar over Statsbudsjettet. Det er Miljødirektoratet som avgjer metoden som skal nyttast i dei ulike elvene. Statsforvaltar er tiltakshavar, og Veterinærinstituttet er prosjektleiar.

Bevaring og gener

Samstundes foregår bevaringstiltak i Batnfjordselva, Usma, Litldalselva og Driva gjennom stamfiske og sikring av genmateriale på genbank. Ved fiskesperra i Driva foregår eit mangeårig arbeid med oppflytting av sjøaure forbi sperra. I dette arbeidet har lokal koordinator i Sunndal kommune, elveeigarlag og jeger- og fiskerforeninger ei viktig rolle.

Ei rekke andre mindre elvar og bekkar i Drivaregionen blir også kartlagt og undersøkt i haust. Her blir særleg førekomst av laksungar undersøkt og desse blir testa for infeksjon av parasitten.

Category: