Ørret: 
Fisketiden
Breslammet fargar vatnet turkis
Pollvatnet minner om ei stille elv som renn gjennom eit delta. Det er breslam frå dei store breane i Breheimen som gjennom åra har fylt opp Pollvatnet og forma det til eit vatn med mange kanalar og ein poll. Poll vert brukt om ein inneslutta dam, som ved Polløya. Lausmassetransporten er framleis stor, og breslammet fargar vatnet turkis.
Fint å vade
Botnen er jamn på grunn av lausmassetransporten av grus, sand og breslam. Når det ikkje er flom renn elva stille gjennom området. Det er fin sand-og grusbotn for vading.
Auren bleik i kjøtet
Auren er ikkje særleg raud i kjøtet i brefarga vatn. Fisken er ljos i skinnet og mønsteret er utydeleg når han står over ljos elvebotn eller symjar fritt i slikt vatn og lever av insekt og insektlarvar.
.
Stor fisk
Du kan få stor fisk i Pollvatnet ( 570 m.o.h.). Det er registrert aure på 5,6 kg, og den siste som vart teken , var ein aure på 2,2 kg. Den vart teken på sluk med opphengarnymfe, og det var nymfa fisken tok, fortel Morten Kielland HER
- Ottaelva renn stille i eit bredt løp frå Pollfossen og rundt Pollodda. Dette stykket av elva er 1,4 km. Her renn Framruste og Glitra ut i Ottaelva.
- Polløya
Informasjon
Køyr av Rv15 til venstre rett før Pollfoss mot Framruste. Køyr 0,7 km og parker. Du kan også parkere langs Rv15, køyre ned på Pollodden ved Pollmoen eller køyre rundt vatnet til Pollsæter.
GPS parkering: 32 V 441858 6869881
Kjentmann: Odd Ivar Bakken kan det meste om fisket i Skjåkfjella og elles i Skjåk kommune.
Skjåk Almenning
Bismo
2690 Skjåk
Tel: 61 21 39 00