Olje- og energidepartementet har i dag avslått sknaden frå Breim Kraft AS om å bygge ut Breim kraftverk i Breimselva i Gloppen.
- Regjeringa ønskjer at vi skal utnytte våre fornybare energiressursar. Samtidig må vi ta vare på verdifullt biologisk mangfald. I denne saka har vi avgjort at omsynet til det siste må vege tyngst, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.
- Med sitt vedtak om Breimselva, krev vi at Regjeringa omgjer sitt vedtak om utbygging av Jølstra, der omsynet til den unike storaurestammen og det biologiske mangfaldet her er minst like viktig som i Breimselva, seier redaktør Eivind Fossheim i nettmagasinet Fiskeguiden.no
OED har i si avgjerd lagt vekt på at Breimselva utgjer eit økologisk funksjonsområde for delar av storaurestammen i Breimsvatnet, og at ei utbygging av Breim kraftverk vil kunne påverke stammen negativt. Breimsvatnet er ein av 55 storaurelokalitetar i Norge, og ein av fem lokalitetar i Sogn og Fjordane. I den samanheng har departementet tatt omsyn til at ei utbygging av Breimselva vil svekke vasskvaliteten i Breimselva ytterlegare og at ferskvassbiologien vil bli negativt råka. Det er også lagt vekt på at utbygginga vil vere negativ for landskapet i området, og ha ulemper for friluftsliv og reiseliv. Departementet har, som NVE ,kome til at ulempene ved utbygginga er større enn fordelane ved 87,6 gigawattimar (GWh) årleg uregulerbar kraftproduksjon.
Vakker breelv
Breimselva starter ved brefoten innerst i Stardalen i Jølster, renner gjennom ville Våtedalen, krysser grensa til Gloppen og fortsetter ned i Bergheimsvatnet, med utløp til det vi kaller for Storelva eller Breimselva, som til slutt renner ut i et delta i Breimsvatnet, og videre herfra ut i Gloppenelva til vassdraget ender i sjøen på Sandane.
Den røyespisende storørreten i Breimsvatnet går på gytevandring opp i Breimselva, og kan vandre uhindret helt opp i Bergheimsvatnet. Forøvrig består vassdraget av fin, stasjonær ørret på rundt 300-500 gram med slengere både på halvkiloen og opp til 1-2 kilo.
Fiskeguiden har en egen side om Bergheimsvatnet, men vi understreker at det i Breimselva nedenfor finnes mange gode fiskeplasser, spesielt i dypålen og i høler hvor små eler og bekker løper inn i vassdraget.
Les meir om Breimselva, Breimsvatnet og Bergheimsvatnet ved å klikke deg inn på Fiskeguidens FISKEPLASSIDER.