Ei betring av fjellaurens lokale gyteforhold og oppvekstvilkår vert hovedtema for årets Villfisksamling på Ål i Hallingdal 25. og 26.mai. Fiskeribiolog Tore Qvenild vil i sitt innlegg forklare kvifor vær og klima er so viktig for fisk og fisket, mens Jon Museth og Sverre Lien fortel om den vellukka kampen mot ørekyta.
«Fisket er lunefullt i fjellet». Høyrt det før? Vêret har alltid stått sentralt i fjellfiskarens forklaring på godt og dårleg fiske, men kva med styrke og variasjon i årsklassene? Kor mykje veit me eigentleg om alle faktorane som ligg dunkle i bakgrunn, og som ein berre skimtar? Det vil Tore Qvenild gje si forklaring på.
Undersøkingar på Hardangervidda gjennom mange år, har gitt eit lite innsyn i deistore svingningane i vatn og vassdrag, og særleg kan storskala-variasjonane i klima forklare mykje av det me har sett i historisk tid.Kva slags overføringsverdi har me til andre fjellområder, og kva kan me vente i framtida med dei varsla klimaendringane?Den vakre fjellauren, med teikningar og raudt kjøt, er eit flott skue. Ei kjensle av «rikdom», det er det ein sit att med etter ein vellykka fiskedag i fjellet. Men kor mykje fisk er det eigentleg i fjellvatna? Mange kjøpe settefisk etter nokon år med laber fangst. Men er detverkeleg det beste - om målet er å forvalte vassdraga på ein bærekraftig måte?
Tore Qvenild er fiskeribiolog og har arbeidd som fiskeforvaltar i Hedmark. Han har og forska på klimaets verknad på årsklassestyrke,og produksjon av fisk og næringsdyr på Hardangervidda saman med forskarar frå Norsk institutt for vannforskning. I tillegg har han har gitt ut fleire bøker om sportsfiske, b.l.a. "Fiskeguide for Hardangervidda", "Ørret og ørretfiske", "Hardangervidda. Fiske og fjelliv" og "Fiske i Hedmark". Tore Qvenild har hytte på Torpo og kjenner til forholda i fleire vatn på Ål.
Du kan lese heile programmet for villfisksamlinga på www.villfisksamlinga.