Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Alt fiske stoppa i Hemsila og Holselva

Kva for ei fluge skal vi velge i dag?

 Hemsedal Elveigarlag har stoppa alt fiske i Hemsila, Grøndøla og Mørkedøla med sidebekkar. Også i Holselva er det no innført fiskestopp.

Fiskeforbodet vil vare fram til anna er bestemt og gjort kjent hjå fiskekortseljarar eller på nettstaden til Hemsedals Elveigarlag, seier  Tor Grøthe til avisa Hallingdølen, og legg til:  – Vasstanden er låg, og det er varmt i vatnet. Auren trivst best rundt 12 grader. No er Hemsil målt til 18 grader om morgon og 24 på ettermiddagen. Det er dårlege levekår for fisken,

– Hemsil er ei roleg elv. Ho inneheld ikkje mange oksygenrike stryk eller fossar, noko som fisken treng om det er lite vatn og høg temperatur. Derfor ynskjer me å la fisken vera i fred.

– Kva skal til for å opne elva att?

– Regn. Men me må ha mykje regn. Slik vêrprognosane ser ut no trur eg ikkje me kan opne elva før ut i august.

Holselva i same situasjon

Trond Andersson er styremedlem i Holselva Grunneigarlag og seier situasjonen er den same der.

– Holselva har vore stengt for fiske i eit par veker. Her var temperaturen på 21 grader med minimal vassføring. Elva er på eit historisk lågt nivå no, fortel Andersson til avisa Hallingdølen.

– Har det skjedd før at ein må stenge elva for fiske?

–Nei. Det har aldri skjedd før. Men no er Holselva rett og slett ufiskbar.

Det same gjeld som nemnt Hemsil som ikkje har hatt så liten vassføring sidan 1947. Heller ikkje der har det nokon gong vorte innført fiskestopp.

– 1947 veit eg var eit historisk tørt år, men ikkje over så lang tid som no.

Både langs Hemsil og Holselva passar ein nå på at det ikkje blir fiska.

– Me har hatt folk langs elva kvar dag og passa etter at det ikkje er blitt fiska. Me skal forvalte elvene på ein forsvarleg måte. Til vanleg skal all fisk over 38 cm (ca. 600 gram) setjast ut att. Fisken ein slepper ut igjen no,vil ikkje tole påkjenninga og mest sannsynleg døy. Derfor må me stenge, seier Grøthe.

Låg minstevassføring

– Vêret er hovudårsaka til den låge vasstanden. Dreg ein til Hallingdalselva frå Ål og nedover er derimot minstevassføringa på 10 kubikk i sekundet, så der er det nok vatn om ein vil ta seg ein fisketur, seier Andersson.

I Gulsvik er heller ikkje situasjonen like ille. Jostein Ekeren har vakse opp i Gulsvik og har fiska i Krøderen heile livet. Han fortel om tilnærma normale forhold i Krøcderen.

– Her kan ein fiske trass tørke. Gjedda blir ikkje i særleg grad påverka av det varme vatnet.

– Er det utelukkande gjedde ein fiskar i Krøderen?

– Nei, du får mykje fin aure her også. Den ligg litt djupare no i varmen, men med rett utstyr kan du få tak i den. I tillegg kan ein fiske åbor og sik, seier Ekerentil avisa Hallingdølen

Kategori: