Staten krev oppdrettsselskap for to millionar kroner etter nedtapping i naturreservat i Sunnfjord. Det var påstanden til politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes på vegne av påtalemakta, då saka var oppe i Sogn og Fjordane tingrett sist veke, skriv journalist Ivar Myklebust Longvastøl, som dekka saka for avisa Firda.
Økonomiske interesser mot natur. Det var ein klassisk konflikt som spelte seg ut i rettssalen i Førde då ein av dei rikaste oppdrettarane i Sunnfjord sat på tiltalebenken sist veke.
På tiltalebenken sat Inge Helge Vassbotten, styreformann i Barlindbotn Settefisk AS. Vassbotten er grunnleggjar og har bygt opp eit stort og suksessrikt oppdrettsselskap i Eikefjord og Høydalsfjord i Flora, saman med sonen Alex.
Forsvarar for oppdrettsselskapet var den profilerte advokaten Berit Reiss-Andersen, også kjend som leiar for Den norske Nobelkomiteen.
Delar av Jagedalsvatnet ligg inne i Sandviksbotn naturreservat, eit område som vart verna som naturreservat i 2002, først og fremst fordi det veks eit sjeldan bartre, barlind, der. Settefiskanlegget har løyve til å tappe ned vatnet med maksimalt 1,8 meter, men i ein periode på seks veker i august og september 2014 vart grensa overskrida med 1,30 meter. Det er inga usemje om at dette faktisk skjedde.
«Tappingen medførte at et større område i vannkanten ble tørrlagt», heiter det i tiltalen frå statsadvokaten.
Forsvarstale for naturen
Aktor starta med å teikne det store bildet i avslutningsprosedyren fredag.
– Kvifor er det så viktig at ei sak som dette vert behandla i rettsvesenet og møtt med sanksjonar av samfunnet, spurde Førde Refsnes, og svarte sjølv med at heile naturmiljøet vårt er under press og vi taper artar kvar dag.
– Oppdrettsnæringa er blant dei som brukar mest av våre felles naturressursar. Næringa skaper store verdiar og representerer store økonomiske interesser, og gjer bruk av våre felles ressursar. Vi har ein klassisk konflikt der økonomiske interesser står mot miljøinteresser, sa aktor Førde Refsnes.
– Det må vere næringa sitt ansvar å passe på at lover og reglar vert følgde, og når lovbrot vert avdekt, må det reagerast. Allmennpreventive omsyn er eit sentralt moment her, spesielt overfor denne næringa, sa aktor.
Han viste fotografi som kunne tyde på at fleire hundre kvadratmeter av vatnet vart tørrlagt som følgje av nedtappinga, og aktor hadde rekna seg fram til at oppdrettsselskapet hadde tappa ut nesten ein milliard liter meir enn dei hadde lov til på ettersommaren 2014.
Barlindbotn
– Det er stor risiko for at organismar som lever i vasskanten døyr når vatnet vert borte, sa aktor og viste til vitneforklaringar frå representantar frå Fylkesmannen og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
– Tek ein av dei beste
Forsvarar Berit Reiss-Andersen reagerte på at aktor «står fram som sakkunnig og tolkar foto og kart ut frå ein naturmessig samanheng», og ho sa at representanten frå miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen, Johannes Anonby, hadde gått rundt og teke anekdotiske bilde i området fleire veker etter nedtappinga.
– Desse bilda er ikkje noko bevis på at vatnet faktisk var tørrlagt, formana ho retten.
Forsvararen tok utgangspunkt i at aktor har sagt at det er viktig å setje ein miljøstandard, men at han har gjort det ved å ta ein av «dei beste i klassen».
– Barlindbotn Fiskeoppdrett driv forsvarleg med høg kompetanse og har teke omfattande investeringar i den beste teknologien, sa Reiss-Andersen.
Dagen før rettssaka vart avslutta, vart det kjent at NVE har gitt oppdrettsgruppa som Barlindbotn er ein del av, ei bot på 400.000 kroner for brot på vilkåra om minstevassføring og tørrlegging av Riseelva i Svelgen. Dette vart ikkje trekt fram av nokon av partane i rettssaka i Førde.
– Handla i naudrett
Forsvararen la vekt på at samfunnet må balansere ulike om
syn, som omsynet til miljø og omsynet til næring. Vi må ha noko å leve av her i landet, og dette er ei veldig viktig næring for Norge.
Reiss-Andersen la til grunn at oppdrettarane handla i naudrett då dei tappa ned vatnet under den lovlege grensa. Dette vart gjort for berge fisken. Både fiskehelse og selskapets varebehaldning var avgjerande for å gå under grensa.
Det var kring 1,7 millionar smolt som stod i fare for å stryke med. Fisk som gjekk vidare til matfiskanlegga og dermed var avgjerande for produksjon og inntening i Steinvik-gruppa.
– Dyrevelferd er ein sentral del av lovgjevinga, og fisk er også dyr. Dessutan var det ikkje praktisk mogleg å gjennomføre nedslakting når ein såg at det ville bli for lite vatn, sa forsvararen og konkluderte med at alle vilkår for naudrett er til stades.
Aktor auka bota
Hadde Barlindbotn Settefisk godteke og betalt bot og inndraging for eitt år sidan, hadde saka strafferettsleg vore ute av verda. Då selskapet ikkje vedtok bota, bestemte aktor å auke ho til 250.000 kroner. Kravet om inndraging er som før.
Forsvararen kravde full frikjenning for selskapet, subsidiært at Barlindbotn Settefisk vert behandla på mildaste måte. Reiss-Andersen sa i retten at ei bot på 50.000 kroner er høveleg og at inndraging må vere på godt under éin million kroner.
Dette er eit rettsfelt med mange uavklarte problemstillingar, og det er såleis store sjansar for at dommen vert anka uansett avgjerd i Sogn og Fjordane tingrett.
Barlindbotn Settefisk AS i Barlindbotn i Eikefjord fekk i januar 2018 eit forelegg (bot) på 200.000 kroner for å tappe ned Jagedalsvatnet meir enn enn dei har lov til.
Staten kravde dessutan at oppdrettsselskapet skulle betale 1,8 millionar kroner, såkalla inndraging. Dette som straff for pengar dei tente på å bryte lova.
Barlindbotn Settefisk er eigd av far og son Inge Helge (76) og Alex Vassbotten (56), to av dei største oppdrettarane i Sunnfjord.
Barlindbotn Settefisk nekta å betale bota og måtte møte i retten sist veke tiltalt for brot på Naturmangfaldlova og Vassressurslova.
Forsvararen kravde at selskapet vert frikjend. Det er venta dom i februar.