Han har alt betalt fleire tusen kroner i bøter, men Gaute Eiterjord er igjen klar til å lenke seg fast mot gruvedeponi.Gaute Eiterjord og Torgeir Vestre (til venstre) aksjonerte mot gruveplanane i Førdefjorden, ved å lenke seg fast til anleggsmaskinane på Engebøfjellet. No er Eiterjord klar til å lenke seg fast ved Nussir-gruva i Finnmark.
FOTO: AMANDA IVERSEN ORLICH
Aleksander ÅsnesJournalist
– No er eg akkurat ferdig med å betale bota frå då eg lenka meg fast for tre år sidan, så det passar bra med ein ny aksjon, seier gruveaktivist og leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord.
Han protesterer på at selskapet Nussir ASA har fått lov til å satse på fjorddeponi når dei skal drive kopargruve ved Repparfjorden i Finnmark.
Det betyr at når dei er ferdig med å ta ut kopar frå råstoffet, kan restane blir lagra i eit deponi på botnen av fjorden.
– Det vil forgifte fjorden og skade fisken. Både Repparfjorden og Førdefjorden er nasjonale laksefjordar, og det kan også skade gyteområdet til kysttorsken, seier Eiterjord.
Men professor emeritus i geologi ved Universitetet i Oslo Per Aagaard, meiner at fjorddeponi er ein forsvarleg måte å drive gruvedrift på.
– Å lagre gruveavfall i fjorden er ein mykje betre løysing for miljøet enn å lagre avfallet på land, seier professoren.
FEKK STORE BØTER: Gaute Eiterjord og dei andre aksjonistane fekk store bøter etter at dei aksjonerte på Engebøfjellet
FOTO: AMANDA IVERSEN ORLICH
Meiner gruvene i andre land er endå verre
Den planlagde gruva i Finnmark skal vinne ut kopar. Aagard meiner at det vil vere stort behov for kopar i framtida, og at løysinga vi har med fjorddeponi i Noreg er mykje reinare og grønare enn måten ein gjer det på i andre land.
– Ein brukar kopar i nesten alt som er elektronisk. Elbilar, datamaskiner, leidningar og mobiltelefonar. Når verda skal bli meir og meir elektronisk i tråd med det grøne skiftet, vil behovet for kopar berre auke. Då vil eg meine at det er betre at vi utvinner kopar i Noreg, her har vi jo eit veldig strengt regelverk.
– Korleis er koppargruvene ute i verda når det kjem til miljøutslepp?
– I utviklingsland er det veldig lite kontroll med utsleppa, men også i USA og Sør-Amerika har kopargruvene ført til store utslepp med negative verknader på dyreliv og natur, seier forskaren.
NUSSIR: I Nussir-området i Kvalsund kommune har Nussir ASA fått løyve til å drive kopargruve.
FOTO: JAN HARALD TOMASSEN / NRK
Eiterjord i Natur og Ungdom tykkjer ikkje dette er noko godt argument.
– Vi kan ikkje tillate miljøskadeleg gruvedrift berre fordi andre land gjer det. Vi må finne miljøvenlege måtar å gjere dette på, elles er det ikkje noko grønt skifte, men eit brunt skifte.
Havforskingsinstituttet er kritisk
Eiterjord meiner mellom anna at avfallet kan brukast til andre ting i staden for å bli lagra, og at ein kan bruke opp att meir av koparen som allereie er i bruk. Forskar Per Aagaard er skeptisk til begge deler.
– Problemet er at sjølv om gruveavfall i teorien kan brukast til mykje, er det ikkje lett å bli kvitt den type gruveavfall som ein vil sitje att med i Nussir. Det er tale om knuste steinmassar, som ikkje er særleg anvendeleg, seier han.
Når det gjeld å bruke kopar om att trur han heller ikkje det er mogleg å dekke verdas behov for kopar på den måten.
Eiterjord får derimot støtte frå Havforskingsinstituttet på at fjorddeponi ikkje er noko god løysing.
– Vi har rådd frå fjorddeponi både i Førdefjorden og i Repparfjorden. Vi veit for lite om slike løysingar, og i verste fall er vi redde for at det kan skade fisken, seier forskar Terje van der Meeren ved Havforskingsinstituttet.