Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Laksefisket i Vefsna er i gang: – Det er utruleg artig!

For eitt år sidan vart ei av Noregs beste lakseelver friskmeldt og gjenopna. No er årets laksesesong i gang i Vefsna. Vegard Pedersen Sollien, som laurdag morgon fekk denne ruggen saman med Skår, er nøgd med sesongopninga. (NRK.no)

Her er alt som det skal vere no og det er kjempeartig!

Ketil Skår arbeider ved Veterinærinstituttet og er ivring laksefiskar. Han var ein av dei som jobba med reetableringa av laksebestanden i Vefsna. Han var blant dei som stod klare då elva opna for fiske natt til laurdag.

– Det er ei veldig spesiell kjensle. Det er godt å sjå at dette er ei elv som er attende i fullt monn og produserer laks so det held, seier Skår.

Spennande sesong

Vi har nokre elver som blinkar til og det dukkar opp veldig mykje laks. Det er spanande kvart år korleis det går, seier Tore Vatne, seksjonssjef ved miljøvernavdeling hjå Fylkesmannen i Nordland.

Han har lagt ned mykje jobb i å friskmelde vassdraget frå parasitten Gyrodactylus salaris. Dette er andre året det er ope att for fisking etter mange år med stengd elv grunna parasittane.

– Det er ekstra spanande med utviklinga i Vefsna. 

OPEN ATT: I helga starta andre sesong av laksefisket i Vefsna etter elva var stengt i årevis grunna parasittar.

FOTO: FRANK NYGÅRD / NRK

Det er sett ei kvote på tusen laks i Vefsna i år. Om laksen i snitt veg kring fem kilo er det snakk om fem tonn med fisk, fortel Vatne.

– Det er Beiarelva som har hatt den største fangsten dei siste åra, men no kjem Vefsna tungt. Fortset framgangen vil jo Vefsna passere Beiarelva dei neste åra.

– Trur du laksefiskarane i fylket vil få ein god sesong i år?

– Ja, vi hadde eit par elver i fjor som hadde slike mengder laks ein nok må førti år bak i tid for å sjå maken til, so vi håpar at fleire blinkar til med det same i år, seier Vatne.

– Av dei hundre vassdraga våre med laks, er det opna for fiske i om lag halvparten av dei, og det er det stort sett små kvotar. Difor må folk setje pris på kvar ein laks dei får og vere nøgd med eit par fiskar i løpet av ein sesong, seier Tore Vatne.

FOTO: VILDE BRATLAND ERIKSTAD / NRK

Ein kjempesuksess

Keil Skår er nøgd med at det vert fiska i Vefsnavassdraget att.

– Dette er blitt ei kjempesuksesshistorie. Etter ein lang tragisk periode er elva verkeleg på fart attende att.

Skår var ute natt til laurdag då fisket opna og lykka var med han.

– Eg mista fire og fekk éin, og det er fleire som har fått. Det er utruleg artig, seier Skår.

– Og du har sjølvsagt mista dei største, sant?

– Ja, den var ikkje so veldig stor den eg tok, so det trur eg nok faktisk. Det er alltid slik, ler Skår

Kategori: