–Det var litt av ei oppleving og ny personleg rekord for aure, fortel Tormod Olsen frå Fåberg til avisa Firda Tidend. I natt drog han på land ein rugg på litt over fem kg i Jølstra. Fisken hogg på rundt klokka 02.00 om natta på ei bitte lita våtfluge. Etter omtrent eit kvarter låg den i håven.
Tre generasjonar
Med seg til Jølster har Tormod sambuar, tre born og svigerforeldre. Og dei er på ingen måte debutantar når det gjeld fisking i Jølster.
– Vi har vore her i 40 år. For rundt 16 år sidan tok Torill og familien til å vere med på fisketurane til Jølster, fortalde svigermor til Tormod, Anne Kari Granli. Ifølgje Tormod sin sambuar Torill Granli så har dei stort sett vore her same veka som no og dei reiser til Jølster for å fiske, og dei har fiska både i elvar og vatn. Dei bur på Øvrebø hytter og stortrivst der,
-Fiske og friluftsliv er ein hobby som eg har drive med lenge og eg fiskar mange plassar, mellom anna laksefiske i Gaula, fortel Tormod som fekk seg ei oppleving han seint vil gløyme.
Tynn sene og lita fluge
-Den hogg veldig forsiktig så eg var ikkje klar over at det var storfisk før den starta å gå. Då skjøna eg at det var alvor og eg var også klar over at eg hadde for tynn sene til det som tydelegvis var på kroken. Eg hadde ei sene på 0.22 mm, noko som eigentleg er for svakt til så stor fisk, så det var relativt spennande medan det sto på. På slutten måtte eg tilkalle svigerfar som sto litt lenger borte. Han hjelpte til med å få han i håven, og det var fint å endeleg få den på land, fortel den stolte fiskaren Firda Tidend, og legg til at planen hans er å få laga ei avstøyping av den smellfeite og flotte hannfisken.