Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Tredje beste laksefiske i Eidselva på 25 år

Toppår for laks i EidselvaSesongen 2020 er den tredje beste for laksefiske i Eidselva på 25 år. Med landa heile 2926 kg laks er det 34 prosent over gjennomsnittet på desse åra. I høve til tal fanga laks på heile 723, er det også eit rekordår.

Etter botnåret i 2014 med fanga berre 542 kg laks, har det blitt betre tider for laksefiske i Eidselva igjen. I år har det nådd eit toppår med heile 2926 kg fanga laks frå elva. Berre året 2012 (3136 kg) og året 2016 (3112 kg) kan vise til eit betre resultat dei siste 25 åra. Både Eid elveeigarlag og Eid sportsfiskelag peikar på mykje vatn i elva gjennom heile sesongen som ein viktig grunn til godt fiske.
 
        
            (Foto: Tal frå SSB)

Etter botnåret i 2014 med fanga berre 542 kg laks, har det blitt betre tider for laksefiske i Eidselva igjen. I år har det nådd eit toppår med heile 2926 kg fanga laks frå elva. Berre året 2012 (3136 kg) og året 2016 (3112 kg) kan vise til eit betre resultat dei siste 25 åra. Både Eid elveeigarlag og Eid sportsfiskelag peikar på mykje vatn i elva gjennom heile sesongen som ein viktig grunn til godt fiske.  FOTO: TAL FRÅ SSB

Mykje laks har gått opp ei stor lakseelv i Eidsdalen denne sommaren. Og mange av desse har også blitt fanga på land av lokale og tilreisande fiskarar.
foto: arkiv 

Mykje laks har gått opp ei stor lakseelv i Eidsdalen denne sommaren. Og mange av desse har også blitt fanga på land av lokale og tilreisande fiskarar. foto: arkiv 

NYHENDE

PUBLISERT:07 SEPTEMBER 2020 20:00SIST OPPDATERT:07 SEPTEMBER 2020 20:00

  • Skrive av Inger Træen Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Fangstrapporten 2020 for Eidselva er klar. Den viser eit svært godt laksefiske denne sesongen. Det er landa heile 723 laks, eller 2926 kg. Går ein 25 år tilbake i tid, er det berre to år som ligg over årets sesong i høve til fangt i kilo. Det var i toppåret 2012 med 3136 kg laks, og 2016 då det blei fanga 3112 kg laks.

Toppår i tal på laksar

Når det gjeld talet på fanga laks er 2020 nær eit rekordår i høve til dei siste 25 åra. I sommar har det blitt landa heile 723 laksar frå Eidselva. Berre i 2001 blei det fanga fleire laksar i elva, med ein fangst på heile 831 laksar. Det er ein god del fleire enn dei andre rekordåra, 2016 som ligg med 681 laksar, og år 2000 med 645 laksar.

Snittvekta på lakse i år er på 4 kg. Dette er same talet som snittvekta for laks dei siste 25 åra. Rekna ut i frå kilo på både smålaks, mellomlaks og storlaks.

Meir storlaks

I år er det også fiska fleire storlaks i elva, i høve til snittet dei siste 25 åra. I sommar er det fiska opp 95 laksar på over sju kilo. Snittet på tal fanga storlaks dei siste 25 åra er 69 laksar over sju kilo. Men talet på storlaks kan variere mykje frå år til år. I fjor blei det landa heile 105 storlaks frå elva, medan det til dømes i 2015 blei fiska berre 24 laksar over sju kilo.

Mykje vatn i elva

Ei viktig årsak til godt fiske i Eidselva er mykje vatn i elva. I år har det vore særleg mykje vatn på grunn av store snømengder i fjellet, og bra med nedbør i juli. Mykje vatn gjer til at meir fisk går opp i elva. Den har også lettare for å bite på krooken, i høve til når elva er lita og meir stilleståande. Både leiar i Eid sportfiskelag, Karl Evjen, og leiar i Eid elveeigarlag, Per Ingvar Langeland, er svært godt nøgde med sesongen.

–Med ein av dei beste sesongane på mange år er vi svært godt nøgde med fangsten og tal på fiskarar som har kome til elva. Dette er med å gje Eidselva eit godt omdøme, og at fleire vil kome for å fiske også eit anna år, seier Langeland.

Kategori: