Ørret:
Storfiske i Jølstravatnet - klipp frå avisa Firda 5.juli 1930
Det vert drive storfiske i Jølstravatnet i sumar. Fisket vert drive slik som før, nemleg både av slik som eig ned til vatnet og slike som hev bruk lenger oppe i liane.
Ein mann frå Huus fiska her om dagen ikkje mindre enn 30 kilo ørret på line - prisen på ørret er kr. 1,30 pr. kilo- so dette var ei fin dagløn. På Jølster er det fleire som har laga til iskjeldarer so dei kan drive rasjonell eksport. Det er helst til Bergen ein sel fisken.
Det blir meldt til Firda at domen som fall i vår om fiskeretten ikkje hev havt noko innverknad på fisket i år, då dei fleste oppsitjarane på Jølster meiner at saki kjem berre sakspartane ved. Domen er appellert til høgsterett.
Firda 5.juli 1930.
Kommentar frå Eivind Fossheim:
Høgsterett-domen fastslo at grunneigarane har einerett til fiske på kasteplassane, mens det utanfor og ellers i vatnet er fiske for alle. I Jølstramuseet har vi eit originalt utskrift av høgsterett-domen.