Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Vonavatnet /Naustdal / Sunnfjord *****

  •  - Eg prøvefiska sist i Vonavatnet i 2017, men før dette kvart år sidan 2013, opplyser. forteller fiskeibiologen Harald Sægrov til Fiskeguiden.no. I 2017 fekk eg aure på 3- 4 hg som var av flott kvalitet og kunne måle seg med den i Jølstravatnet og Haukedalsvatnet. Den største var 1,3 kg og så stor aure brukar eg vanlegvis ikkje å få når eg gjer prøvefiske. Dei fine aurane (over 3 hg) i Vonavatnet hadde ete smårøye, noko som truleg er ein føresetnad for at aurane skal få den fine kvaliteten i dette vatnet. Dette er ulikt Jølstravatnet og Haukedalsvatnet der auren kan oppnå fin storleik og kvalitet ved å ete dyreplankton. Føresetnaden med fiskeeting for at auren skal få fin kvalitet i Vonavatnet er ein vesentleg skilnad og gjer at det ikkje kan bli mange av dei fine aurane samanlikna med dei i to andre innsjøane. Det er dermed ikkje relevant å samanlikne på bestandsnivå, men ein kan samanlikne fiskekvalitet på individnivå, seier Harald Sægrov.
Kategori: