Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

300 oppdrettslaks for hver fanget villaks!

Publisert: 30.08.01

Forslag til nasjonale laksevassdrag og laksefjordar - høyringsuttale frå Stiftelsen Norsk Villakssenter .

Stiftelsen Norsk Villakssenter meiner at ein endå ikkje har sett dei langsiktige verknadene av verken sur nedbør, Gyrodactylus salaris, lakseoppdrett eller vassdragsreguleringar.

Uttalen må sjåast i lys av den ekspansjon som er foreslått for oppdrettsnæringa i Noreg.



Oppdrettsnæringa vil utrydde alle ville laksestammar

Vår vurdering er at lakseoppdrett har potensiale til å svekke eller utrydde alle ville laksestammar i landet om ein held fram som ein har gjort. Dette viser kor naudsynt det er:


Å forvalte villaksen i eit meir heilskapleg og langsiktig perspektiv enn før

Å bruke føre var prinsippet aktivt

Å ha ei overordna og sektorovergripande forvaltning av vill laks

At skadevaldar må betale for dei uakseptable effektane han skaper



Villaksutvalet sine framlegg hadde som siktemål å sikre kjerneområda for villaksen og la omsynet til villaksen gå føre andre interesser i område definert som nasjonale laksefjordar eller -vassdrag.




Departementet svekka Villaksutvalets forslag


Stiftelsen ser det som positivt at hovudprinsippa i Villaksutvalet sine framlegg er ført vidare i regjeringa sitt forslag.

Stiftelsen såg på Villaksutvalet sine forslag på som eit minimum for å redde dei ville stammene med laks i Noreg, og at det var heilt avgjerande at tiltaka vert handsama og vedtekne som ei pakke. Departementet sitt framlegg er ikkje i samsvar med dette.

At områda aust for Kinnarodden - eit av dei viktigaste områda for Atlantisk laks i heile verda - er tekne ut, er ikkje akseptabelt. Det er ingenting i faglitteraturen som tyder på at intensivt oppdrett av laks i dette området ikkje vil gje dei same negative effektane som vi i dag ser på Vestlandet. Ut frå føre var prinsippet, bør ein ikkje tildele nye oppdrettskonsesjonar aust for Kinnarodden, før vanskane med lakselus og rømming er løyst.

Med framlegget som ligg føre, er det totale sjøarealet skjerma for oppdrett av anadrom fisk, redusert i høve stoda i dag. Dette er ikkje tilfredsstillande.




Usemje i lakseforvaltninga


Etablering av nasjonale laksefjordar løyser i fyrste rekke problemet med rømming. Effektane av rømming er langsiktige og sakteverkande. Til no er det ikkje semje mellom fiskeri-forvaltinga og villaksforvaltinga om kva som er eit akseptabelt nivå på rømming. Skal eit slikt mål ha meining for omsynet til villaksen, må det ta utgangspunkt i storleiken på gyte-bestandane, og kor mange rømde oppdrettslaksar ein kan "tillate" å gyte saman med villaksen. Graden av feilvandring mellom elvar ligg opp mot 10%. Innafor eit slikt nivå verkar dei "normale" utvalsmekanismane. Kjem innslaget av anna genmateriale over dette nivået, får ein systematisk tilførsel av nye eigenskapar. For ei elv som t.d. Nausta, med ein gytebestand på kring 2000 villaks, tyder dette at innslaget av rømd oppdrettslaks på gytegrunnane ikkje må komme over 200.

Offentlege tal viser at det er kring 300 oppdrettslaksar som i norske oppdrettanlegg pr. villaks som vert fanga i Noreg. Om det rømmer 1% er dette såleis tre gonger fangsten av villaks i Noreg. Når ein veit at næringa kjem til å vekse, vert det ut frå omsynet til villaksen, feil å nytte seg av eit relativt måltal knytt til produsert volum.




Effektane av auka smitte er akutte og kortsikige


Effektane av auka smitte av lakselus er akutte og kortsiktige, men vil ?g ha ein sterk negativ langsiktig effekt. Ut frå den dokumentert kritiske stoda på Vestlandet, vil ikkje nasjonale laksefjordar og vassdrag vere godt nok for å redde det som er att av dei ville laksestammene her. I andre deler av landet er stoda høvesvis bra, men med sterk vekst i næringa og auka tettleik av anlegg, kan stoda bli akutt ?g i andre deler av landet.




Nasjonale laksevassdrag

Nokre viktige laksevassdrag, som t.d. Namsen, har ikkje fått status som nasjonalt laksevassdrag no. Av prosedyreomsyn, legg regjeringa opp til å gjere dette i samband ordinær rullering av Samla plan. Stiftelsen føreset at alle vassdrag føreslegne som nasjonale laksevassdrag av Villaksutvalet får slik status. For at vassdraga skal få slik status snøggast muleg, bør dei trekkast ut av Samla plan og leggast fram for samla behandling av Stortinget no.




Delegert til kommunalt nivå

I høyringsframlegget er forvalting av nasjonale laksevassdrag delegert til det kommunale nivået. Ut frå tankegangen om ei bestandsretta forvalting er dette fornuftig. I høve fysiske inngrep i vassdrag, er det dokumentert utbreidd praksis med dispensasjonar frå regelverket på kommunalt nivå. Slik praksis bør ein unngå så langt det let seg gjere. Ved delegering til kommunane må dette innskjerpast.




Faglig innsikt


Vurderingar av kva som kan tillatast eller ikkje må baserast på fagleg innsikt. Stiftelsen er tvilande til at kompetansenivået kring forvalting av villaksen på kommunalt nivå, er godt nok til å løyse slike oppgåver. Skal dette fungere, må det til ei kompetanseheving i kommunane på dette feltet.

I eit slikt perspektiv, kan det vere fornuftig å prøve ut nye eigne regionaliserte sektor-overgripande forvaltingsmodellar kring nokre av dei nasjonale laksefjordane og -vassdraga. Modellane bør byggje på sikrast muleg bestandskunnskap og kvotar, og involvere relevante aktørar som grunneigarar, utbyggarar, kommunar, sjøfiskarar, oppdrettarar, m.fl.




Lakselus dreper mesteparten av laksesmolten!


På Vestlandet er stoda for villaksen ytterlegare forverra etter at villaksutvalet la fram si innstilling. Granskingar publisert av Havforskingsinstituttet, viser at store delar av 2001-generasjonen med laksesmolt frå Sognefjorden kan vere utradert grunna lakselus. Eit offentleg utval knyter den forverra stoda direkte til utviklinga av oppdrettsnæringa i denne delen av landet, noko Stiftelsen er samd i.


Dette er heilt uakseptabelt og medfører at det er trong for å setje i verk ekstra tiltak:

Strengare krav til tal lus pr. vaksen fisk i anlegg.

Auka grad av synkronisert avlusing samstundes med meir kontroll.

Forbod mot fleire sjøbaserte anlegg og eventuelt fjerne nokre eksisterande anlegg.

Vidareutvikling av sjøbasert merdteknologi for å redusere rømming.

Individmerking av oppdrettslaks for identifisering av skadevaldar.

Utvikle alternativ landbasert produksjon

Utvikle oppdrett basert på andre artar

Sikre fleire laksestammer i genbank

Auka grad av freding for laksefiske i elvar

Retta fiske for å fjerne rømd oppdrettslaks frå gytegrunnane.



Stiftelsen Norsk Villakssenter ser det som avgjerande at framlegget vert utvida i tråd med kommentarane over. Vidare må dette handsamast som ei pakke. Går ein inn på ei handsaming av fjord for fjord og vassdrag for vassdrag, er det stor fare for at heilskapen og dermed styrken i framlegget
forsvinn.




Med helsing

Alf Olsen jr.

Direktør
 

Kategori: