Publisert: 11.01.03
Børge Brende vil ha Lærdalselvi fri for parasitten snøggast råd, melder Sogn Avis.
– Det er løyvd pengar, innsatsen mot lakseparasitten kan iverksetjast straks ein har eit fagleg akseptabelt opplegg, seier statsråden, som i torsdag vitja Norsk Villakssenter i Lærdal.
– Eg er storleg imponert, seier miljøvernministeren til avisa, etter å ha teke runden i sentret sin utstillingsdel. I Lærdal i går fekk statsråden høve til å sjå og høyra kva engasjement som rører seg for villaksen.
Hadde gåve med
Børge Brende hadde med seg 100.000 kroner til Norsk Villakssenter. Sentret får pengane til oppgradering av utstillingane. Dagleg leiar av Norsk Villakssenter, Helene Maristuen, er både overraska og glad.
– Dette er flott, me har ikkje fått offentlege midlar inn i drifta sidan omorganiseringa, dette skal koma oss til god hjelp, seier ho.
Populær kar
Børge Brende sit med ansvaret for villaksstammene. Han veit vel at Norge har 25 prosent av den samla atlantiske laksen, og at landet har eit stort ansvar for arten si evne til å overleva.
I Lærdal er Børge Brende ein populær kar. Mindre populær vart han ikkje i går, då han let ein feit sjekk liggja att i Villakssentret.
Dråpe i elva
Men behovet er langt større enn dei 100.000 kronene departementet legg i ei oppgradering av utstillingane. Villakssentret har ein fagleg del, organisert i ein stiftelse, denne er neppe liv laga i framtida utan større årvisse løyvingar frå statleg hald.
– Stiftelsen er den einaste som reindyrkar ei uavhenging formidling om villaksen sine kår i dette landet, er du innstilt på å yta midlar som gjer Villakssentret i stand til å halda fram med dette?
– I denne omgangen yter departementet midlar til utstillingsdelen, ut over dette kan eg ikkje lova noko, men eg meiner Norsk Villakssenter er ein ressurs, slik informasjon er av stor verdi i arbeidet med å styrka villaksen, seier statsråden.
Stabile rammer
Han er klar over at Norsk Villakssenter treng meir enn dei 350.000 kroner i årlege ytingar sentret mottek i dag. Sjølv meiner Norsk Villakssenter at behovet er det dobbelte, og vel så det. Norsk Villakssenter har fylt eit vakuum innanfor villaksformidlinga.
Truleg vil behovet for å fylla dette vakumet ytterlegare bli synleg når Stortinget gjev grønt lys for nasjonale laksefjordar, venteleg i løpet av denne sesjonen. Men Børge Brende legg ikkje skjul på at han er imponert over det faglege nivået i Norsk Villakssenter. Det burde lova godt for utsiktene til statleg støtte i tida som kjem.
Parasitt-krig
Den fatale gyrosmitten i Lærdalselvi stod på dagsorden då statsråden møtte lokale interesser i går. Børge Brende gjer det klart at denne elva er prioritert høgt frå departementet si side. Fagetaten i Trondheim har fått klar melding frå Regjeringskvartalet om at Lærdalselvi snøggast råd skal underkastast massiv innsats mot Gyrodactylus salaris.
– Det er berre å gå i gang, men me føreset at direktoratet har eit godt fagleg opplegg, seier miljøvernministeren til Sogn Avis.