Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Det meste er tatt på makk i Aurlandselva!

Publisert: 18.09.03

- Eg fekk mykje fisk, men denne var i ein klasse for seg, seier Svein Skjerdal, og viser stolt fram sjøauren sin på 8,6 kilo.

Dagen etter landa han ein sjøaure på 5,3 kilo. I tillegg tok han ein på 4,2 kilo og ein på 3,7 kilo i dei fem fiskedagane sommaren 2003.



Tidlegare på sommaren skal det ha vore landa ein rugg på 9,3 kilo, men det var truleg ein laks. Fangsten har vore dyssa ned. Fiskaren vil ikkje risikera det same oppstyret som Knut Rilang opplevde tidlegare og som du kan lesa om på den andre sida vår om Aurlandselva.



Dårlegare tørrflugefiske etter sjøaure med den nye vassreguleringa


Den nye prøveordninga med ulik vassføring frå 15.juni til 1.september, kan verke negativ på tørrflugefisket i Aurlandselva, meiner Fiskeguiden. Det meste av fisken i sommar er teken på makk!



Les meir om Aurlandselva på elvesidene våre

 

Kategori: