Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Kveite på 75 kilo tatt på stong utanfor Bulandet!

Publisert: 18.02.04

Gunnar Lothe fekk søndag ei kveite på 75 kilo på stong i havet utanfor Bulandet i Askvoll i Sunnfjord.

-Dette har alltid vore draumen, men eg hadde aldri innbilt meg at det skulle vere så tungt å få den opp i båten, seier Lothe til avisa Firda


Kveita tok pilken på mellom 130 og 140 meters djup. Først trudde han pilken sat fast i botnen, men så kjende han at dyret der nede drog mot i seige, lange drag, og dermed starta duellen.

Han brukte ein time for å få fisken opp til overflata.

Lothe har fiska heile sitt liv og har alltid drøymt om å få storkveita. Han har rett nok fått kveite på rundt to kilo tidlegare, men det var ikkje heilt det same, seier han til Firda. 

Kategori: