Publisert: 31.08.04
Vi har ikkje grunn til å tru at tilstanden for villaksen er betre her enn lengre sør. Elvane produserer bra med smolt, men det kjem mykje mindre laks attende no enn før, skriv Ole Jørgen Sve og Petter Kirkebø i Sunnmøre Elveeigarlag i et innlegg i Sunnmørsposten i dag. Fiskeguiden tillater seg å gjengi innlegget i sin helhet:
Sverre S. Pedersen, leiar av Møre og Romsdal Havbrukslag, og Jørund S. Larsen, regionssjef i F.H.L. kom 3. august med svar til styret i Sunnmøre elveeigarlag sin replikk. Sverre S. Pedersen og Jørund S. Larsen forsøkte å framstille Sunnmøre elveeigarlag og leiaren som uvitande både om villaks og oppdrettsnæring. Det må vi få lov til å kommentere.
Dei skriv at «Kirkebø prøver å skylde opplæringsnæringa for at gyroen blei innført i forbindelse med forsking, og spredd hovedsakelig gjennom kultivering og vassdrag, får stå for sin egen urimelighet.»
Dette er tøv. Eg skreiv: «Institutt for Akvakulturforskning skulle utvikle ein superlaks for havbruksnæringa. Dei henta avslmateriale og gyro frå Sverige. Dei fekk ein episode med stor dødelegheit i anlegga sine i 1975. For å finansiere forskinga si selde dei i åra 1975-1977 yngel og smolt til 14 vassdrag. Dei leverte ?g øyerogn.»
Forskningsrapport
Eg støtta meg på ein forskingsrapport frå DN frå mai 1985: «Parasitten Gyrodactylus på laksunger i norske vassdrag. Statusrapport av Bjørn Ove Jonsen og Arne Jensen.» Det er ein omfattande rapport på 145 sider, og som beskriv utsetting av smolt og yngel frå infiserte anlegg til elvar..»
I Stortingsproposisjon nr. 79, 2001-2002 Om opprettelse av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder, kap. 2.3.5. Lakseparasitten Gyrodatylus salaris. Sitat: «Gyrodactylus ble påvist første gang i Norge etter import av fisk fra Sverige. Parasitten er siden spredt til store deler av landet, i hovedsak som følge av fiskeutsettinger. Den har vært påvist i 42 vassdrag og 37 settefiskanlegg og andre oppdrettsanlegg i Norge.»
S.P. og J.S.L.: «Hvert år siden oppdrettsnæringas spede start er det derfor brukt store summer på forskning og utvikling.»
Oppdrettsnæringa starta i Sykkylven i 1955. I den spede start vart det gjort mange verdfulle røynsler som seinare kom oppdrettsnæringa til gode, men det vart ikkje brukt store summar på forsking.
Gyro
Vi er einige i at det seinare har vore forska mykje og at ein har meir kjennskap til laksens biologi, men forskinga har vore retta inn mot oppdrett.
Ein laksunge som får gyro på seg greier ikkje å ta til seg nok næring til å kompensere den næringa som gyroen syg ut. Fisken døyr. Vi antar at situasjonen er den same for ein postsmolt som får lus på seg. Han vert svakare (det er ingen som forer han), han greier ikkje å fange nok byttedyr til å erstatte den næringa som lusa syg ut av kroppen hans og han døyr. Naturen er nådelaus. Kanskje han tåler mindre lus enn smolt i kar? Har det vore forska på dette? Sjøauren kan gå tilbake til elva og verte avlusa og klarer seg difor betre.
Oppdrettsnæringa har løyst mange problem, men ikkje lakselus og forureining. Husdyrproduksjon har strenge krav til spreiing av husdyrgjødsel, krav til spreieareal per dyr, kva tid på året gjødsla kan spreiast osv. Havbruksnæringa, som har over dobbel så stor produksjon, drit i havet.
Før var største produksjonsvolumet på eit anlegg 8000 kubikkmeter. Etter 1989 vart volumet auka til 12.0000 kubikkmeter. Dei nye anlegga som kjem er på 36.000 kubikkmeter og kan huse 1 million fisk. Sjølv om eit slikt anlegg driv lovleg etter luseforskriftene, d.v.s. 0,5 holus per fisk, vil det vere ein halv million lus i anlegget. Kvar holus legg mellom 400 og 600 egg. Då vil lusa i anlegget produsere 250 millionar egg og larvar. Ein postsmolt av villaks vil ha små sjansar til å passere eit slikt anlegg sjølv om det driv lovleg etter luseforskriftene som gjeld i dag.
Lakselus
Havbruksnæringa har lært seg å leve med lakselusa fordi ein har sterke økonomiske motiv for å gjere det. Men den avlusinga dei driv i dag er ikkje godt nok for villaksen.
Frp Stortingsprop. nr. 79 kap. 2.5.4. Påvirkning fra fiskeoppdrett: «Rømt oppdrettslaks og sykdomsspredning fra oppdrettsanlegg har lenge vært ansett som en trussel mot villaksen. En ekspertgruppe som ble nedsatt i år 2000 for å vurdere laksebestandene i Hordaland og Sogn og Fjordane konkluderte imidlertid med at unaturlig høye forekomster av lakselus på utvandrende smolt og genetisk påvirkning fra rømt oppdrettslaks har tiltatt i omfang og styrke i løpet av 1990-årene, mens effekten av andre menneskeskapte påvirkninger har vært uendret eller har avtatt. På denne bakgrunn legger gruppen til grunn at påvirkning frå fiskeoppdrett er en vesentlig årsak til den kritiske situasjonen for laksebestnandene i disse to fylkene.
Eit prosjekt i Hordaland og Sogn og Fjordane, der Statens dyrehelsetilsyn fekk ekstra midlar til å sjekke om oppdrettsanlegga overheldt luseforskriftene i 2003: Telling på 24 lokaliteter viser bl.a. følgende nedslående resultater. Svært få lokaliteter teller lus hver 14. dag når sjøtemperaturen er lik eller 4 grader over slik forskriftene tilsier. Mangelfulle rutiner for telling. 57 prosent undersøkte lokaliteter hadde lusetall over tiltaksgrensen, mens bare 34 prosent av alle lokalitetene innrapporterte for høye lusetall.
Leder for prosjektet, Trude Lien, fortel at oppdrettarane oppgir fleire årsaker til unnasluntringa: unødvendig behandling, slakteklar fisk, økt dødelighet, sjukdom, dårlege vertilhøve, at det skal ordne seg sjølv og mannskapsmangel. Seniorinspektør i Mattilsynet i Hordaland, Hans Olav Djupvik, meiner norsk oppdrettsnæring har «betydelige kunnskapshull om hvordan produsere et kvalitetsprodukt og samtidig gjøre det innenfor akseptable miljømessige og etiske rammer.»
I Møre og Romsdal har det ikkje vore sett i gang slike prosjekt for å forske på villaksen si stilling, bortsett frå eit prosjekt i Eresfjord. Vi har ikkje grunn til å tru at tilstanden for villaksen er betre her enn lengre sør. Elvane produserer bra med smolt, men det kjem mykje mindre laks attende no enn før. Små lakseelvar nær oppdrettsanlegg vert fisketomme. Vi har observert luseskader på fisk i år, og i 2003 var det ekstra ille. Det var 70 smålus på ein aure i indre Storfjorden og 30 lus på ein aure i Sykkylvsfjorden. Elles var det mykje luseskade på villaks. Sannsynlegvis gjekk mykje smolt tapt på veg ut våren og sommaren 2003, for innsiget av smålaks til mange elvar har vore svært dårleg i år. Vi har stadig observert oppdrettsfisk i elveosane våre, særleg om hausten. Valldalselva rapporterte for første gong oppdrettsfisk i fangstrapporten sin i fjor. Resultat: 288 villaks og 269 oppdrettsfisk (nesten fifty-fifty). Så vidt vi veit var det ikkje meldt om rømming frå anlegg i Storfjorden.
Fangst av laks i Bondalselva og Ørstaeelva i kg i åra 1990-2003:
Bondalselva Ørstaelva
1990 7500 4040
1991 3900 2460
1992 4130 1820
1993 1075 1236
1994 1952 3208
1995 2217 1139
1996 435 286
1997 275 134
1998 579 214
1999 668 -
2000 2260 2521
2001 3887 1832
2002 1127 788
2003 1858 643
Vi kan såleis drage same konklusjonen som eksportgruppa i Hordaland og Sogn og Fjordane.