Publisert: 05.10.04
Villaks- interessene vinn over havbruksinteressene i kampen om Hjørundfjorden og Storfjorden. Lokalpolitikarar som har kjempa imot vern, er i ferd med å snu. Laksefiske og rein natur kan bli viktigare for utkantkommunar enn lakseoppdrett, meiner fleire lokalpolitikarar, skriv Sunnmørsposten i dag.
Det har blitt skapt store forventningar til havbruksnæring når det gjeld nye arbeidsplassar, men det har delvis slått feil. Det har ikkje blitt eit stort tal arbeidsplassar. Det viser seg at ein eller to røktarar er nok for å drifte store anlegg, og foredlinga skjer andre stader. Eg trur villaks har større potensial for lokal sysselsetjing, enn oppdrettsnæringa, seier Arne Sandnes til Sunnmørsposten i dag.
Difor er han i ferd med å snu når et gjeld striden om Storfjorden skal vere nasjonal laksefjord eller ikkje. Ein slik status vil føre til føre til strenge restriksjonar for lakseoppdrett.
- Nordal vil marknadsføre seg som ein av stadene i verda med reinast natur. Det er viktig å vere føre var i forhold til naturen, og difor trur eg det er rett å vidareføre sikringssonene slik at Storfjorden vert nasjonal laksefjord, seier Sandnes til avisa.
Les meir her:Sunnmørsposten