Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Laksemerdene ute av kontroll!

Publisert: 15.11.04

Presset aukar på Fiskeridirektoratet. Elveigarane og sportsfiskarane meiner etaten er alt for passive, skriv Farsunds Avis i dag.

– Situasjonen rundt oppdrettslaks og rømming er heilt ute av kontroll, uttaler Vidar Børretzen i Etne Elveeigarlag.

Også Rogaland Jeger- og Fiskerforening, med mange medlemmar på fiske i Etneelva, raser mot direktoratet.

– Nå må dei koma seg ut av kontoret og sjekka kva som har skjedd, uttaler fylkessekretær Kjell Ove Våg.
Han viser til fangstrapportane som syner at det har vore to store rømmingar i Sunnhordlandsbassenget, og meiner det ikkje er godt nok å be næringa kontrollera seg sjølv.
Våg synes ikkje særleg synd på oppdrettarane og meiner det er ingen grunn til å sutra over mobbing.

– Næringa har sjølv stilt seg i denne situasjonen. I samband med høyringa av plan for norske laksefjordar har representantar reist land og strand og fortalt om kor god kontroll den har, og så dukkar det eine rømmingstilfellet etter det andre opp, seier fylkessekretæren til Farsunds Avis.  

Kategori: