Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Hvor ble det av Stoltenbergs løfte?

Publisert: 25.01.05

Arbeidarpartiet vil ikkje verne Nausta, sjøl om dette partiet var først ute med å forkynne at det meste av vassdragsnaturen som er igjen, bør vi overlate til kommande generasjonar, skriv leiaren av Norges naturvernforbund, Erik Solheim i eit innlegg i Bergens Tidende i dag.

-Regjeringa leverte eit spinkelt forslag til utvida elvevern, og Arbeidarpartiet vil kviste det endå meir. Det vert lite igjen av nyttårstalen frå Jens Stoltenberg i 2001, der han lova slutt på dei store kraftutbyggingane. For det er kraftutbygging eller ikkje det handlar om i Naustdal, ei tradisjonell magasinutbygging i eit vassdrag som ennå renn fritt. Sogn og Fjordane Energiverk har alliert seg med kommunen i noko dei kallar Fleirbruksutvalet. Dette utvalet seier dei skal konstruere ei miljøbasert kraftutbygging, basert på ny kunnskap som tilseier at dei får både i pose og sekk: Ny kraft og meir laks. Ein tredel av elva nedanfor Vonavatnet vert liggjande som ei utbyggingsskadd elv med lite vatn heile året. Lenger nede, mellom kraftverket og sjøen, skal Nausta bli ei oppdrettselv med kunstig høg lakseproduksjon.




Den nye kunnskapen dei snakkar om, er det ingen andre som kjenner til. Fagleg støtte for utbygging er heller ikkje å finne i ein ny konsulentrapport som Fleirbruksutvalet har fått laga. Ein hypotese i den fagleg spinkle rapporten er at raske endringar i vasstanden og periodar med svært låg vassføring sommar og vinter er negative for laksen. Forfattarane oppdaga at sjølv ved svært låg vassføringar i Nausta er relativt store delar av elva dekte av vatn (s. 32). Dei har vurdert dataseriar for fiskefangst og vassføring mot kvarandre, men utan å finne at fangsten går ned om det er lite vatn. Andre faktaopplysningar frå elva har dei ikkje å vise til, med dei spekulerer seg fram til på side 105 at «dei største moglege flaskehalsane» for laksen truleg er knytte til vassføringa.




Påstandane om den miljøbaserte utbygginga er nok mest eit spel for galleriet, ei moderne historie om keisarens nye klede. Lenge presenterte Fleirbruksutvalet sitt prosjekt som forsking. Den ballongen har lufta visst gått ut. Det har ikkje komme fram noko som tilseier at kraftutbygging i Nausta blir noko anna enn i andre elvar. Men fylkesutvalet kasta seg på reklamen for det nye underet. Prosjektet representerer noko nytt og kan gje verdfull kunnskap for vassdrag både med og utan kraftverk, seier dei. Slikt gjer det lettare å forstå kvifor folk let seg lokke av pyramidespel, skriv Solheim i sitt innlegg i BT.

 

Kategori: