Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Fly i skytteltrafikk til Vestre Vollane!

Publisert: 21.11.05

Da Eivind Fossheim som Aftenpostens medarbeider for noen år siden søkte om løyve til å fly inn på Hardangervidda for å lage en reportasje om den nye nasjonalparken, fikk han blankt avslag fra fylkesmannen i Hordaland. Som alle andre, måtte også han kunne bruke beina, var begrunnelsen. Interessant er det derfor at det i sommer og høst nærmest har gått fly i skytteltrafikk inn til Vestre Vollane, i følge naturrettleiar Jon Ingebretsen i Vrådal. Har denne flytrafikken foregått på lovlig måte? Fiskeguiden gjengir her hele Ingebretsens innlegg i avisa Varden i dag:

Eit miljøpolitisk svik!



Det er ei kjent sak at det i periodar sommar og haust nærast fær fly i skytteltrafikk inn til I/S Laagefjeld sameie sin eigedom Vestre Vollane i Kvennavassdraget på Hardangervidda.
Offisielt blir det sagt at det meste av ærendet er å få folk og utstyr inn og folk og fisk ut i samband med tynningsfiske i dei fiskerike vatna, sansynelegvis i tråd med ein driftsplan, samt ein del turar i samband med jakt. Men praksis syner, i følgje pålitelege kjelder, at mykje av trafikken er transport av folk som leiger fiske og jakt og hytter for høge prisar i området, eller som rett og slett bare ferierar, slappar av og går turar i området.



Vinterstid er det same hektiske trafikken med snøskuter inn til eigedomen og hyttene langs ei slepe som etter kvart blir så oppkøyrd og hard at ho nærast kan køyrast med bil eller gåast på tøflar.




Me skal ikkje påstå at denne flyginga og køyringa er ulovleg og utan løyve, men nokon må sjølvsagt ha opna for å gje alle desse løyva til denne stortrafikken.



Alt dette kjem i eit underleg lys, når ein veit at området ligg i nasjonalparken. Dessutan er dette spesielt uheldig fordi andre eigedomar i traktene, mellom anna Rauland statsalmenning, ikkje har det på langt nær så romsamt med å få slike løyve til fly- og skutertrafikk. Her tyder alt på at Kong Salomo og Jørgen Hattemaker-mentaliteten har vore godt utvikla.




- Dersom denne praksisen skal halde fram nå etter at skipsreiar Folke Hermansen i Stavanger har sikra seg Vestre Vollane, er det gode grunnar for ansvarlege styresmakter til å rope eit alvorleg varsko til dei som styrer denne stortrafikken, og samtidig legg opp til det som mange forståeleg nok oppfattar som forskjellsbehandling.




- Det er nå opp til mellom anna Vinje kommune at ein gjennom dei verkemiddel som regulerar tilhøvet mellom eigaren sin forvaltningsstrategi og samfunnet, deriblant konsesjonshandsaminga, syter for at eigedomen kan bli forvalta og drive på ein måte som i størst mogleg grad kjem ålmenta til gode.




- Når det er sagt, må ein bare nok ein gong sterkt beklage den nye miljøvernministeren, Helen Bjørnøy frå SV, og Regjeringa si svekka handlekraft og manglande forståing av verdien av friluftsliv for folk flest i samband med denne saka. Det Regjeringa her har latt vera å gjere, er faktisk på relativt kraftig kollisjonskurs med Soria Moria-avtala. Det er faktisk eit så stort løftebrot at det grensar til å reise mistillit mot ein miljøvernminister som til dei grader ikkje har gjort jobben sin i ei så viktig miljøpolitisk sak. Vi forventar og har tiltru til at leiaren i Stortinget sin miljøkomite, Gunnar Kvassheim (V), ikkje har sagt sitt siste ord i denne saka.




Jon Ingebretsen, Vrådal,
naturrettleiar .


 

Kategori: