Publisert: 14.01.15
- Det var ein nedgong i fangstane av laks og sjøaure i 2014 samanlikna med åra før. Faktisk har det aldri har det vore fiska mindre laks og sjøaure i fylket, opplyser Fylkesmannen i Hordaland til Fiskeguiden.no.
Storelva i Arna i Bergen hadde størst fangst av laks, med ialt 725 kg laks. Av detta vart 549 kg avliva og 176 kg sett ut att.
Lite nedbør, varme og lite vann har mykje av skulda
I alt 4083 kg laks, fordelt på 3085 kg avliva og 998 kg utsett, er resultatet for laksesesongen 2014 i Hordaland. Med unntak av 1988 då alle elvane stengte i løpet av sesongen som følgje av eit sentralt vedtak, har det aldri vore fiska mindre laks i fylket. Lite nedbør, høg temperatur og til dels særs låg vassføring i ein del vassdrag kan ha verka inn på dei låge fangstane 2014.
Storelva i Arna i Bergen kommune var i 2014 vassdraget med størst fangst av laks. Totalt 725 kg laks vart fiska i Storelva, av detta vart 549 kg avliva og 176 kg sett ut att.
Det er ikkje skilt på rømt oppdrettslaks og villaks i fangststatistikken. Det har dei seinare åra vore mykje rømt laks i fangstane. Sjølaksefisket i Hordaland har vore stengt sidan 2004.
Eidfjordvassdraget beste sjøørretelva
Det vart fiska totalt 1778 kg sjøaure i vassdraga i Hordaland 2014. 1442 kg sjøaure vart avliva, medan 336 kg vart sett ut att. Det har aldri vore tatt mindre sjøaure i fylket enn i 2014.
Eit vassdrag stod for nærmare 42 % av all fangst av sjøaure i fylket, Eidfjordvassdraget i Eidfjord. Totalt 738 kg sjøaure vart tatt der, fordelt på 602 kg avliva og 136 kg utsett sjøaure. Ikkje berre vart det tatt mykje i Eidfjordvassdraget, sjøauren her er òg stor med snittvekt på 2,5 kg.