Publisert: 21.03.15
Stor, fin og feit var dei tre aurane på opptil halvkiloen som Fiskeguiden trakk opp på sluk frå ein av favoritt-plassane i Jølstravatnet i dag. Her kan du fiske med stang heile året, mens fisket i Jølstra og i elveosane vert opna først 15.april.
På denne kalde tida av året, med vatn som held berre fire-fem varmegrader, er det slukfisket som er mest effektivt. Små, blanke sluk gir best fangst, men den bør trekkes langs botnen i rykk og napp, og det er når sluken stoppar opp at auren slår til.
Dei beste fiskeplassane finn du på aurens beiteplassar, gjerne på djupet utanfor maribakken, der den leitar etter krepsdyr og anna smågodt.
Trekk ikkje sluken for fort, men sakte med små rykk innimellom.
Skitt fiske - og god fiske-påske entent du er ved sjøen eller i opna vatn og innsjøar inne i landet.