Publisert: 06.07.16
NVE innstiller overfor Olje- og energidepartementet om at Sunnfjord Energi får løyve til å bygge Jølstra Kraftverk, til tross for at ulempene det vil få for den unike storaurestammen i Europas beste aurevassdrag, dei heilt spesielle økologiske tilhøva og dei negative konsekvenser det vil få for livsmiljøet i bygda og reiselivsnæringa i ei av dei vakreste og unike vestnorske landskap.
Fiskeguiden.no er djupt skuffa over det manglande ansvaret Jølster kommune og grunneigarane har vist for bygda og livsmiljøet sitt i denne viktige saka, og håpar at Olje- og energidepartementet ikkje lar lokale krefter øydelegge dei nasjonale naturverdiane i Jølster-bygda og det løftet Jølster har fått med Nikolai Astrup- utstillingane i Norge og i utlandet.
NVE: Nytten er større enn ulempene ved kraftutbygginga i Jølstra
utbygginga erog tiltaka NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sunnfjord Energi AS løyve til å bygge Jølstra kraftverk i kommunane Jølster og Førde i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gi omlag 200 GWh ny fornybar straum i året, noko som svarar til straumbruken til rundt 10000 husstandar.
NVE har i den samla vurderinga lagt vekt på at Jølstra kraftverk vil gje eit betydeleg bidrag til produksjon av ny fornybar energi, der ein stor del er vinterkraft.
Jølstra kraftverk skal nytte fallet i Jølstra mellom Jølstravatnet og Movatnet. Sunnfjord Energi AS og Nordkraft Prosjekt AS søkte begge om å bygge ut dei same vassressursane.
NVE tilrår løyve til Sunnfjord Energi då dette alternativet gjer høgare kraftproduksjon med nær dei same verknadane for miljøet som det andre alternativet. NVE meiner løysinga til Sunnfjord Energi utnyttar eksisterande vassressursar på ein god måte
Dei mest sentrale problemstillingane knytt til konsesjonsspørsmålet, gjeld fisk og elvesportaktivitetar som rafting og padling. I tillegg er Jølstra eit viktig landskapselement i Jølsterdalen. For å redusere dei negative verknadene, er det foreslått fleire avbøtande tiltak. Utbygger er mellom anna pålagd minstevassføring sommar og vinter, og tiltak for å oppretthalde fiskevandringar og produksjonsområdar for fisk.
NVE har gjort ei heilskapleg vurdering av planane, konsekvensutgreiingane og høyringsfråsegnene. Etter ei samla vurdering meiner NVE at nytten av tiltaka er større enn ulempene, og at kraftproduksjonen veg opp mot ulempene tiltaket fører med seg.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.
Her er meldinga som fisketurismebedriften Norsk Fiskesenter AS i Jølster og andre berørte parter mottok fra NVE i dag:
Orientering om innstilling til OED angående søknad om konsesjon for Jølstra kraftverk i Jølster og Førde kommuner, Sogn og Fjordane.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt innstilling til Olje- og energidepartementet (OED) om Sunnfjord Energi AS og Nordkraft Prosjekt AS sine søknader om konsesjon til Jølstra kraftverk i Jølster og Førde kommuner. Vi anbefaler at det blir gitt konsesjon til Sunnfjord Energi AS etter omsøkte alternativ. Innstillingen er gitt på grunnlag av søknader, konsekvensutredninger, innkomne merknader, befaring og egne vurderinger.
Innstillingen med forslag til vilkår og manøvreringsreglement er nå tilgjengelig på NVE sine internettsider www.nve.no/konsesjonssaker.
OED står for den videre saksbehandlingen. Avgjørelse fattes normalt av Kongen i statsråd (kongelig resolusjon), og publiseres av OED som pressemelding. Når avgjørelsesdokumentene kommer til NVE blir de lagt ut på sakens nettside.
Med hilsen
seniorrådegiver Carsten Stig Jensen og seksjonssef Ingrid Haug . Saksbehandler Ingrid Haug.