Publisert: 12.07.16
Ei utbygging av Jølstra kan gje eit viktig nasjonalt bidrag til energiproduksjonen. Samtidig er det avgjerande at ei eventuell utbygging kan skje på ein måte som tek omsyn til dei store allmenne interessene knytt til elva.
Fylkesmannen meiner at begge dei konsesjonssøkte prosjekta vil råke friluftsliv, naturmiljø, fisk og fiske og landskapsverdiar i stor grad, og det ser ikkje ut til å vere mogleg å avbøte skadane for viktige allmenne interesser til akseptabelt nivå. Fylkesmannen rår difor frå at det vert gjeve konsesjon til Jølstra kraftverk slik som planane no ligg føre.
Den naturfaglege delen av fråsegna vår er etter samråd med Miljødirektoratet, som derfor ikkje vil gje ei eiga fråsegn i saka, skreiv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for 2 år sida..
Les heile fråsegna frå Fylkesmannen her:
Heile fråsegna frå Fylkesmannen