Publisert: 02.07.17
For Olav Hatlestad vart starten i Daleelva eit fiskeeventyr. Fem laksar drog han opp i løpet av dei første timane.
Ved midnatt fredag kveld opna fiskesesongen i Daleelva. I dei ni hølane i elva stod dei ni som har jobba mest dugnad i fiskarlaget det siste året klare.
For Olav Hatlestad frå Vaksdal, som hadde fisket i Kanalhølen like ved klekkjeriet, skulle det bli ei natt han kjem til å hugsa.
– Det første laksen beit på like etter midnatt, eg trur det var på det femte kastet. Den var på vel fem kilo, og vart boren rett opp i klekkjeriet til stamfisk, fortel Hatlestad til Vaksdalsposten.
Før kokka var halv eitt var neste laks på land. Den var større.
– Laks nummer to var 10,5 kilo, og den er komme i fryseboksen, smiler Olav fornøgd.
Sidan gjekk det slag i slag. Når VP treff den ivrige fiskaren laurdag morgon, er ytterlegare tre til teke på land. Ein på kring sju kilo, to på fem kilo.
– Dette må seiast å vera ein svært god start på sesongen. Det har vore skikkeleg moro, slår Hatlestad fast.
Fire av laksane er teke inn i klekkjeriet som stamfisk.
God stemning
Stemninga mellom fiskarane ved Daleelva er god. I tillegg til fiskelukka til Hatlestad, som er nestformann i fiskarlaget, fekk fiskarlagsformann Inge Sandven ein laks ved Revebrua på 4-5 kilo. Også den er tatt inn og skal nyttast som stamlaks for vidare kultivering av elva.
Elles fekk Åsmund Karlsen seks aurar på mellom 0,6 og 1 kilo ved Geitabakken den første fiskeøkta.
Lite vatn
Fiskarlagsformann Inge Sandven synest det er kjekt med godt fiske i starten, men låg vassføring gjer at han ikkje trur at fisket vil halda fram å vera like godt framover.