Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Manglande lønnsemnd vil stoppe Jølstra-utbygginga!

Publisert: 02.11.17

Sjefen for Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, må nå snart vedgå at det er eit grovt feilgrep å bygge ut meir vasskraft i Jølstra, meiner redaktør Eivind Fossheim i Fiskeguiden.no.

Ei utbygging av Jølstra Kraftverk er ikkje berre eit svik mot natur- og livsmiljøet, og som både fylkesmannen og miljødirektoratet åtvara mot.

- Dei utbyggingskåte folka i Sunnfjord Energi vil aldri få lønnsemnd i eit nytt Jølstra Kraftverk. Ikkje berre møter dei ei skjerpa skattlegging. Dei har enno ikkje forhandla seg fram til nokon endeleg avtale med grunneigarane og i tillegg er det overskot på kraft og låge straumprisar.




Politisk press


- Når sjefen for Sunnfjord Energi kontaktar Firda om at Jølstra-prosjektet kan verte stoppa om regjeringa skjerpar skattane på kraftverka, er det sjølsagt for å leggje press på politikarane, både for å hindre ei skatteskjerping og for å skaffe seg eit grønt sertifikat før fristane går ut.

-Har dei ikkje lært nokon ting av feilinvesteringa i Kjøsnesfjorden kraftverk? spør Eivind Fossheim, som framleis har eit godt håp om at omsynet til den unike storauren i Europas rikaste aurevassdrag skal sette ein bom for Behrens våte draum...




Den planlagte bygginga av Jølstra Kraftverk



Vedtatt - Kgl res av 020617 - Sunnfjord Energi AS - konsesjon for bygging av Jølstra kraftverk i Jølster og Førde kommuner Sogn og Fjordane (L)(840434).pdf 

Kategori: