Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Jubel i Ekso for laksetrappa i Raufossen!

Publisert: 16.12.11

BKKs nye laksetrapp i Raufossen er ein suksess. Rundt 90 villaksar har vandra opp trappa den første sesongen. Forskarane jublar over meir laks i Ekso enn dei nokon gong har observert. Trappa har kosta 10 millionar kroner.

- Jubelen stod i taket då vi plutseleg såg ein laks hoppa oppover kummane i trappa, seier fagkonsulent Tore Wiers ved Uni Miljø, eit forskingssenter ved Universitetet i Bergen, til Bergens Tidende.


BKK samarbeider tett med Uni Miljø om å betra tilhøva for fisk i fleire av dei regulerte vassdraga. I Ekso har BKK og Uni Miljø sett ut 250 000 egg frå genbanken i Eidfjord for å få opp laksebestanden.


Utvidar lakseførande strekning


I fleire tiår har villaksen vore nær utrydda i Ekso, men i år har laksen på ny strøymd inn til både Ekso og andre elvar på Vestlandet. Til saman har det gått opp mellom 500 og 600 laks i Ekso. Med den nye laksetrappa vert det mogleg for laksen å gå ein kilometer lengre opp i elva enn tidlegare.


- Dette opnar opp gode gyte- og oppvekstområde overfor laksetrappa. Rognplanting i det aktuelle området vil bidra til at laks og sjøaure lettare vil etablera seg. Dette vil styrkja fiskebestanden, seier Wiers.


Planen er å utvida den lakseførande strekninga ytterlegare frå neste år, opplyser miljøkonsulent Therese Kronstad i BKK.


- Vi skal fjerna naturlege barrierar i Høsefossen. Då vil den lakseførande strekninga gå 2,3 kilometer lengre opp i Eksingedalen enn tidlegare, seier ho.


Raufossen og Høsefossen ligg i den nedre delen av Ekso, mellom inntaket i Nesevatnet og utløpet av Myster kraftverk.


Millionar til miljøtiltak



Raufossen, fisketrappa til venstre Foto: Uni Miljø.



BKK brukar mange millionar i året på miljøtiltak i regulerte vassdrag, delvis fordi det inngår i konsesjonsvilkåra.


- Vi gjer også ein del frivillige tiltak for å motverka den påverknaden våre aktivitetar har på vassdraga. Derfor er resultata frå Ekso veldig gledelege for oss, seier Kronstad.


I vinter vil forskarane vil prøva å finna ut kvifor så mange elvar opplever god tilstrøyming av villaks i år. Det er 2009-kullet som no kjem tilbake i store mengder, som mellomlaks frå tre til sju kilogram, ifølgje Wiers.  

Kategori: