Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Litt av ei skrubbe!

Gratulerer Anne Karin, og takk for gladmeldinga og dei fine bildene!<br><br>

Publisert: 05.02.04

-Eg var ute for å fiska etter regnbueaure i Maurangerfjorden. Då brukar eg til vanleg dobbe og reke eller makrell som agn. Då et fekk sjå den store skrubba ligge på botnen,tok eg av dobben og sette på eit søkke istaden. Det var ikkje djupare enn ca 2 - 2,5 meter og berre ca 6 meter fra land, fortel Anne Karin Lothe frå Nå til Fiskeguiden.

-Skrubba tok agnet -makrellen- og for rett utover i full fart, men gav seg fort. Då eg fekk den opp, lurte eg fyrst på å lempa den uti att, for eg hadde ikkje sett ein slik fisk før. Men så tenkte eg at det kanskje var ei lita kveite og tok den difor med heim.





Norgesrekord!


Etter å ha slått opp i fiskebøker og tatt diverse telefonar, fann eg ut at det var ei skrubbe. Men den var jo så stor! Har sendt inn alle data til Alt om fiske for å få godkjent Norgesrekord. Eg fiskar for det meste laks og aure, så dette var jo artig. Ja, eg fiskar heile året, seier Anne Karin, og vedgår at ho er fiskefrelst eller det nokon kallar fiskeidiot.




Skrubba vog 2,93kg og var 55 cm.lang. 

Kategori: