Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Garnfisket er kobla til turistdrifta på Besso!

Publisert: 03.10.06

Dette var frykteleg å høyre, seier Aud Laengen Hamre, vertinna på Besso turisthytte,då Fiskeguiden ringte henne på ferie i Frankrike i kveld. Ho var ikkje lite overraska over at eigaren tenkjer på å selje staden, men presiserar at ho har leigekontrakt fram til 2009 og ikkje har tenk å gje seg før den tid.

Dei fleste fjellturistar kjenner godt både Aud og resten av familien hennar og set utruleg stor pris på både turisthytta som overnattingsplass og for matserveringa der. Her får du nemleg frisk mjølk, blodfersk aure, nykinna smør og heimelaga spekemat. Her kan du kjøpe fiskekort for stang, være med å trekkje garn og gå på rypejakt. På heimesida hennar, www.besso.no, kan du lese meir om den poplære turisthytta på Hardangervidda.





Familien som eig hytta i dag, meiner dei kan få ein pris på 6,5 milionar kroner. Sidan den ligg midt i nasjonalparken, er her strenge vilkår for kva en kan drive med.




Einar Astad, sonen til eigaren, Eirik Astad, seier at dei i år har drege opp eitt tonn aure med ei snittvekt på 800 gram.




Aud Laengen Hamre seier til Fiskeguiden at retten til garnfiske er bunden til turistdrifta av hytta og ikkje som ein rett som følgjer med husa.
 

Kategori: