Publisert: 21.12.06
Selv om det i Bjerkreimselva ble tatt over 7000 laks på nesten 12 tonn, er det likevel Suldalslågen som overrasket mest av lakseelvene i Rogaland i år. Årsfangsten på 4,8 tonn er dobbelt så mye som ble tatt i fjor og det beste resultatet på 14 år. Sjøørretfangsten i Rogaland var derimot bedrøvelige.
Her er elvefangstene! Se dessuten Fiskeguidens spesielsider om Suldalslågen.
-Jærelvane
hadde ein ganske dårleg sesong. Særleg ille var det i Figgjoelva, heiter det i raporten frå fylkesfiskeforvalteren i Rogaland.
Her vart det fanga 4,5 tonn - om lag 3 tonn under gjennomsnittet for dei siste ti åra. Fisket var heller ikkje det beste i Håelva (2,9 tonn) og Ogna (2,1 tonn) truleg på grunn av lite nedbør i fiskesesongen. Sokna og Bjerkreimselva hadde ein middels sesong.
Fangsten av laks og sjøaure i Rogaland var om lag som gjennomsnittet for dei siste fem åra. Totalt vart det meldt inn fangst av 72 679 kg laks og sjøaure, fordelt på 39 228 kg i elv og 33 451 kg i sjø.
Fangstane i elv var noko mindre enn gjennomsnittet for dei siste fem åra, spesielt var fangstane av smålaks eller svidde i Rogaland var dårleg. Seint innsig, lita vassføring og varmt vatn i elvane kan forklare ein del av den låge fangsten av smålaks. Ein kan likevel ikkje utelukke at den låge fangsten speglar eit svakt innsig.
Kritisk for sjøauren.
Den totale sjøaurefangsten i elvane var i 2006 på bare 1,2 tonn. Dette er ei halvering av fangsten frå 2005. Resultatet er det lågaste som er registrert. Sjøaure blei teken med som eigen parameter i fangststatistikken tidlig på 1990-talet.
I tillegg til dårlege fiskeforhold i 2006 på grunn av lite vatn, skuldast truleg tilbakegongen for sjøauren ein kombinasjon av fleire faktorar. Redusert forsuring og ulike kalkingstiltak har favorisert laksen i mange elvar. Når vasskvaliteten er god, vil laksen normalt utkonkurrere auren. For å unngå konkurranse frå sin meir storvaksne slektning, søkjer sjøauren til mindre elvar og sidebekkar for å gyte. Mange viktige gyte- og oppvekstområde for sjøauren har vorte øydelagde dei siste åra som følgje av grøfting, kanalisering og lukking av småbekker. I delar av Ryfylke har auka mengde lakselus i område med lakseoppdrett vorte eit trugsmål for sjøauren.