Publisert: 02.02.07
Aurlandselva åpnes til sommeren for laksefiske for første gang på 18 år. Laksefisket nedenfor Osfossen i Gaula i Sunnfjord fremskytes 2 uker. I Strynselva (bildet), Loenelva og Oldenelva åpnes fisket 1.juli, 2 uker tidligere enn i fjor.
Aurlandselva blir til sommaren opna for laksefiske for første gong på 18 år. I ei ny endringsforskrift er reglane også justert noko for fisket i Gaula, Stryneelva, Loelva og Oldenelva.
I Aurlandsvassdraget (Aurlandselva og Vassbygdelva) er det opna for å fiske laks i tidsrommet 1.7 – 20.8 med ei døgnkvote på ein laks per fiskar. Tidsramma for sjøaurefisket er uforandra (1.7 – 15.9), men Aurland elveeigarlag har vedtatt sjøauresesong i Aurlandselva 1.7 – 5.9 og i Vassbygdelva 1.7 – 15.9.
Endringa i Gaula gjeld strekninga nedanfor Osfossen, der sesongen er framskunda to veker til tidsrommet 1.6 – 31.8. Fiskesesongen ovanfor Osfossen er framleis 15.6 – 15.9.
Fisket i dei tre elvane i Stryn kommune opnar to veker tidlegare, slik at sesongen for laksefisket blir 1.7 – 31.8 og sjøaurefisket 1.7 – 15.9.
Kommande sesong er den siste i den inneverande femårige forskriftsperioden. Det er opna for å kunne endre reglane dersom bestandssituasjonen har endra seg eller dersom det er etablert ein god og driftsplanbasert lokal forvaltning, heiter det i meldinga frå fylkesfiskeforvaltar Eyvin Sølsnæs.