Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Sterk avslutning på laksefisket i Stordalselva

Publisert: 30.08.07

-Dette var ein stor opplevelse, seier turistverten i Stordal, Peder Vikenes,( til venstre) som knapt nok har fått tid til å fiske i sommar. Saman med fiskekompisen Kjell Even Nygård markerte dei ei sterk avslutning på sesongen i Stordalselva i Møre og Romsdal. Jarle Hove har intervjua Peder Vikenes for Fiskeguiden.

Laks på første kastet




-Tirsdag kveld gjekk vi ned i 8 tida, seier Peder, og alt på første kastet slo det seg på ein laks på 3-4 kg som sleit seg av nesten med en gong i den strie elva her framme på Stavdal. Etter berre nokre kast til fekk eg igjen fast fisk, som måtte vere ein kjempelaks på godt over 15 kg.


Eg heldt fisken i straumen ein 10 minutters tid, og den bevega seg ikkje meir enn eit par meter. So kjende eg berre nokre harde rykk i sena, og dermed var den vekke. Eg rekna med at no var det meste gjordt, men tok likevel nokre kast til litt lengre framme i hølen. Men her var fleire store laksar. Fast fisk igjen. Etter om lag ein halv time fekk kompisen min, Kjell Even Nygård, kleppa den. Den veide 12,5 kg.


Storlaks!




Det vart mørkt og dei to fiskarane måtte ta kvelden, men onsdags morgon var dei atter på plass i same hølen. Etter berre en halvannen time hadde Kjell Even kleppa 2 flotte lakser for Peder på 8 og 8,2 kg, medan Kjell Even fekk ein pjakk på 1,5 kg.

Etter ein kort pause, heldt Peder fram med fisket, og ein kjempelaks kasta seg over Meppsen. Truleg den same han mista kvelden før. Den oppførte seg i hvert fall på samme måten. Nokre harde rykk og den sto der i sterkaste straumen uten å rikke seg.

-Eg prøvde å sette press på den nedanfrå, men den gjekk berre eit ar meter oppover, forklarer Peder. Med sidepress seig den litt nedover igjen og sto bom fast. Til slutt stubba eg sena. Trur ho var filt av i kjeften på laksen, seier Peder, som i hvertfall fekk sitt livs største fiskeopplevelse i lakseelva.


God snittvekt




Sesongen i Stordalselva har vore svak i år, til liks med dei andre elvane på Nordvestlandet og Trøndelag, seier Jarle Hove til Fiskeguiden. I Stordalselva er det antakelig ta om la 250 fiskar, laks og aure.

Rett nok har snittvekta vore rimeleg stor, på mellom 3 og 4 kg, og vi trur nok at sluttfangsten kjem til å ende på om lag 1000 kg eller kanskje litt over. Det er bra med fisk i elva akkurat no, so det vert nok ein travel dag innspurt på den siste fiskedagen i morgon, sier Hove.
 

Kategori: