Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Lange på 32 kilo i Sognefjorden!

Vidar Grimelid drog måndag ei lange på 170 cm. (bildene). Med sine 32 kilo er ho blant dei aller største som er fanga i landet, og den aller tyngste frå Høyangsfjorden, fortel journalist Bjarte Øvrebø, som har laga denne saka for fredagsutgåva av avisa Ytre Sogn.

– Det var litt av eit beist, og ho hang berre etter tennene i garnet då ho kom opp til overflata, fortel ein stolt fiskar, Vidar Grimelid, til avisa Ytre Sogn.



Han er ein ivrig fiskar og nyttar ofte høvet til å setje garn i Høyangsfjorden. Denne gongen hadde han sett ut nokre lenkjer utanfor Villabyen, mest heilt inne ved fabrikkområdet.



Kjempefisken hadde vikla seg inn i garnet på om lag 90 meters djup og var daud då Grimelid fekk han opp i båten.



– Eg har aldri sett ein så diger fisk av dette slaget. Langa var sjeldan sidmaga, med eit omkrins på 82 centimeter, fortel han.

Vekta vart for lita!




Eit første forsøk på veging var mislukka. Vekta hans, som stansar på 25 kilo, vart for lita, så Grimelid måtte på bygda med fangsten og kunne seint måndag konstantere at langa vog 32 kilo.



– Eg er litt kry over endeleg å ha slege rekorden til Henning Osen, seier Grimelid.

I 1999 fekk nemleg Henning Osen ei lange i Høyangsfjorden på 31 kilo. Den målte 175 cm. frå snute til spord, og vart teken på line.


– Dette var ikkje bra. No må eg intensivere fisket etter lange att, seier Osen til Ytre Sogn.

På store djup




Lange er ein djupvassfisk som finst frå 60 til 1000 meters djup. I vaksen alder går han sjeldan grunnare enn 100 meter.
Det største fisket ettre lange skjer mellom Stad og Vesterålen, men også i djupe fjordar blir det landa ein god del.



Verdas tyngst lange vart teken ved Shetland i 2002 Den vog 40,1 kilo. Norgesrekorden er på 37,2 kilo, fiska i Langesundsbukta i Østfold i 1993.



– Lange på over 30 kilo er uvanleg fangst, og truleg rekord i her i fylket. Det er kanskje i Høyangsfjorden vi skal leite etter dei heilt store ruggane, seier jølstringen Eivind Fossheim, som driv www.fiskeguiden.no. Han og andre sportsfiskarar er opptatt av å få kartlagt dei beste plassane for sjøens storvilt inne i og utanfor norske fjordar, slik at dei kan jakta etter dei med stong.

Kategori: