Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Makrellstørja svømmer 70 km/t og kan krysse Atlanterhavet på 50 dager

Slik ser vandringsruta til makrellstørja ut etter berre 33 dagar. Den grøne streken gjennom dei farga område er den mest sannsynlege vandringsruta. Oransje og raude område viser feilmarginen. 

Slik så vandringsruta til makrellstørja ut etter berre 33 dagar. Den grøne streken gjennom dei farga område er den mest sannsynlege vandringsruta. Oransje og raude område viser feilmarginen. Havforskningsinstituttet planlegg ein ny runde med merking neste år.

Havforskarane  hadde som mål å kartlegga vandringsruta til makrellstørja, verdas største og raskaste fisk .

 Planen var å fanga og merka 20 størjer, men berre to eksemplar blei merka og ein overlevde. Dette var den 120 mil lange vandringsruta  frå merkestaden til den mista databrikka 33 dagar seinare. Men kartet Havforskingsinstituttet har laga basert på data, viser at fisken har svømt mykje fram og attende. Distansen kan derfor ha vore minst dobbelt så lang.

  • Makrellstørje (Thunnus thynnus), også kalt størje og blåfinnet tunfisk, er en fisk i makrellfamilien (scombridae).
  • Den kan bli mer enn 3 meter lang, veie godt over 500 kg, og er den aller største tunfiskarten og beinfisken på kloden.
  • Makrellstørja er utbredt over hele Nord-Atlanteren og Middelhavet, men er utryddet i Svartehavet.
  • Størja kan svømme 70 km/t, krysse Atlanterhavet på 50 dager og dykke ned til 500-1000 m dyp basert på merkeforsøk. Framdelen av kroppen er dekt med et panser av sammenvokste skjell.
  • Navnet tunfisk kommer via latin thunnus frå gresk, og kan tyde «fisk som styrter av sted».
  • Makrellstørjen er en veldig god og svært ettertraktet matfisk og har stor økonomisk betydning i sine viktigste utbredelsesområder. En enkelt makrellstørje kan omsettes for flere millioner kroner, og verdensrekorden satt i 2012 for en størje, omsatt på Tsukiji fiskemarked i Tokyo, er utrolige $736 000 (4,4 mill. NOK).
  • I 1952 fekk norske fiskarar fange 16000 tonn makrellstørje. På 50-talet dreiv kring 200 båtar denne typen fiske sør for Stad.

Kilde: Havforskningsinstituttet 

Håpet var dessutan at brikka skulle losna frå fisken først etter eit år, noko som ville gitt forskarane langt større datamateriale. Men forskaren Keno Ferter tilbakeviser at prosjektet blei ein nedtur.

– Vi har for første gong fått uvurderleg førstehandskunnskap om vandringa og åtferda til ein av dei aller nordlegaste kjempefiskane, seier forskaren.

– Enorme vandringar

Det var i oktober at signal frå den elektroniske brikka frå størja blei plukka opp nordvest for Irland.

Kartet frå Havforskingsinstituttet, som du kan sjå øvst i saka, er basert på ein modell der lys, temperatur og djupne er registrert og lagd inn. 

– Ut frå det kan vi plotta ei sannsynleg rute. Men det er ikkje reelle koordinatar, understrekar Ferter.

Han kan likevel fastslå at den 2,4 meter lange makrellstørja har lagt bak seg store avstandar.

– Fisken har gjennomført enorme vandringar, både horisontalt og vertikalt i havet, seier han.

Dataa viser at fisken har svømt gjennom temperaturar frå 17,2 grader og heilt ned til 3,5 grader, og gått frå luftige sprang til dykk på 487 meter.

 Forskar Keno Ferter hjå Havforskingsinstituttet understrekar at dei 33 dagane har vore svært viktige for forskinga, og

Havforskingsinstituttet planlegg ei ny runde med merking neste år.

Kategori: