– Vi gjer dette for at plassane skal verte tilgjengelege for alle. Tidlegare har det vore mykje dyrare å fiske her, seier Gunnar Risnes og Odd Arild Dahle i Førde Jakt- og fiskelag til avisa Firda. Foto: Bent Are Iversen. Området det gjeld er den såkalla prestegardssona. Laget har hatt hand om desse rettane tidlegare, og då var dei svært populære. – Det er 15 år sidan vi hadde rettane. Den gongen hadde vi to-tre gongar fleire tingarar enn vi hadde plassar, seier Odd Arild Dale i jakt- og fiskelaget. Nyleg fekk dei sjansen til å kjøpe rettane tilbake att, og greip sjansen.
– Vi gjer ikkje dette for å tene pengar, men vi brukar pengane på eit fornuftig tiltak, seier Dale og legg til at laget har god økonomi. Du treng ikkje vere medlem av laget for å bestille plass, men du pliktar sjølvsagt å sette deg inn i gjeldande lover og reglar for slikt fiske. – Gleder meg no – Døgnet byrjar ved midnatt og går heilt til neste midnatt. Då får ein eigentleg to sjansar til å fiske. Det er jo helst sjøaure ein fiskar, og midt på dagen er det ikkje så aktuelt å fiske etter den, seier Dale. Fiskedøgna vert selt etter førstemann til mølla-prinsippet, og det er ikkje grenser for kor mange du kan kjøpe. – Mange folk i Førde, inkludert meg sjølv, var ikkje klar over kor flott Jølstra er. Det er ein utruleg fin stemning, og ein kan oppleve alt frå dyreliv til uteliv, seier Dale. Fisket i denne delen av Jølstra gjeld frå 15. juni til 15. august. – No er det fleire år sidan eg sjølv har fiska på desse rettane. Eg gleder meg no, seier Dale. Fire soner på Førdehuset-sida Fire soner er tilgjengelege, alle på Førdehuset-sida av elva. Sonene skal skiltast, slik at folk veit kor dei er. – Den øvste sona, går frå øvre kant av Hafstadparken og ned til overgangsfeltet ved Førdehuset. Den neste sona går derfrå og ned til pumpehuset ved laksen. Det er ei kortare sone, men fordelen er at ein kan gå på land heile vegen. På den øvste sona må ein vade, seier Dale til Fida. Kvar sone gjeld for ei fiskestong om gangen. – Den neste sona går frå pumpehuset og ned til om lag 70 meter nedanfor gangbrua ved Hafstad vgs. Den siste sona går derfrå og ned til Langebrua. Det har vore den mest populære sona, seier Dale. Prisane går frå 250 til 400 kroner, og bestilling må gjerast på internett.