Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Tusenvis av laks på rømmen i Sognefjorden

Fiskeridirektoratet har teke imot melding om at kring 10.000 oppdrettslaks har rømt i Sognefjorden.Eit hol i eit not førte til at tusenvis av fisk rømte frå ventemerdene på Slakteriet Brekke i Gulen, i helga som var, melder NRK /NTB.  

Leni Marie Lisæter, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet, fortel at det var arbeidarar på fabrikken som oppdaga det heile.– Dei tilsette kom på jobb måndag morgon, og då var me nesten tom for fisk. Det var berre 700 laks att, seier ho.

– Beklageleg

Dagleg leiar i Slakteriet Brekke AS, Knut Strømsnes, beklagar hendinga i ei pressemelding. Han fortel at arbeidet med å samle inn att så mange fiskar som mogleg er godt i gang.

– Vi har sett ut garn og vi har avtale med lokale fiskarar som no aktivt fiskar i høve til Fiskeridirektoratet sine retningslinjer.

Slakteriet Brekke har og fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide området gjenfangstaktiviteten skjer i. Brekke oppmodar andre folk til å ta omsyn til fredningsbestemmelsane som er for fiske i fjorden. 

– Me oppmodar dei som får fisk om å rapportere talet på fisk til Slakteriet Brekke AS. Dersom det er eit ynskje om at fisken skal destruerast, tek me imot denne, seier han.

Fisken, som er på rømmen, skal ha ei snittvekt på rundt fire kilo.

Slakteriet Brekke 

NRK, © Mapbox © OpenStreetMap

Kategori: