GLAD FISKAR: Jan Erik Aase med laksen på 10,2 kilo, fanga med fluge på den rolege strekninga nedanfor Naustdalsfossen. Det store byggefeltet på sørsida av elva bak Aase. Foto: Privat
Av Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
– Det har vore ein veldig bra sesong, seier Jan Erik Aase i Naustdal.
Endeleg har lokale laksefiskarar fått ein opptur, i alle fall i nokre av elvane, skriv Firda.
Fødd med laksefeber
Jan Erik Aase er nærast fødd med laksefeber, med ein far og ein bror som er ivrige laksefiskarar, og med elva Nausta i gåavstand frå der han bur.
På bildet poserer Aase med ein holaks som han fiska med fluge, eller floge som det heiter i Sunnfjord, på Fløene like ved riksveg 5 gjennom sentrum, der elva strekkjer seg roleg ut nokre hundre meter nedanfor gromhølane i Naustdalsfossen.
Den vakre hoa var 100 centimeter lang og vog 10,2 kilo. På Laksebørsen til Elveguiden.no må Aase og andre laksefiskarar legge inn informasjon om fangsten, store og små blankfiskar. Der kan ein også lese at fisken vart fanga den 6. juni, seks dagar etter at elva opna, og at fisken er ein ekte villaks utan lus.
Holaksen vart sleppt ut igjen, og kan halde fram oppover elva og truleg finne ein staut hannlaks og gyte ut på hausten ein dag.
Når Aase seier det har vore ein veldig bra sesong, samanliknar han først og fremst med dei føregåande åra. Ein må tilbake til 2016 for å finne eit like bra resultat i Nausta.
Største laksar
- Nausta: Calix Black Ndiaye, Bergen. Friis-retten i Naustdalsfossen, 14,5 kilo på fluge.
- Gloppenelva: Anonym. Nedanfor Evebøfossen, 13,5 kg. På dei neste tre plassane kjem hotelldirektør Preben Moen, Sandane, med laksar på 10,5, 10,5 og 9 kilo, alle nedanfor Evebøfossen.
- Jølstra: Calix Black Ndiaye, Bergen. Viland2. 16 kilo. Rett bak kjem Anders Neteland, Førde. Viland1. 15 kilo.
- Kjelde: Laksebørsen/Elveguiden.no
– Har det bra i havet
– Det må ha vore god mattilgang i havet, og kultiveringsarbeid og opparbeiding av oppvekstplassar i elva ser ut til å ha gitt resultat. Dessutan var det mykje snø i fjellet og god vassføring, seier Aase.
Dei siste åra har elveeigarlaget brukt mykje pengar på å flytte masse og forbetre elvebotnen slik at lakseyngelen skal finne skjul og kvileplassar. På den måten kan småfisken vekse betre og finne skjul for fugl, mink og oter, større rovfiskar og andre predatorar.
– Det som skjer i havet er nok det viktigaste, trur Aase.
Han utdjupar:
– Det som skjer i havet med betre mattilgang dei siste åra for utvandrande smolt og vidare vekstsyklus, fører til høgare sjøoverleving for laksen. Eit hav som spelar på lag med laksen, er truleg det viktigaste for at vi skal få fleire gode lakseår framover.
Fekk fiske i milliardærhølen for å berge villaksen
Frikjenner oppdrettarane
Han meiner at lakselus ikkje er eit stort problem for villaksen i Nausta, og såleis frikjenner han langt på veg oppdrettsnæringa som mange peikar på når det dårlege laksefiske skal forklarast. Dette kan også ha samanheng med at Førdefjorden er nasjonal laksefjord, og at det ikkje er lov å drive med oppdrett innanfor Ålasundet, der fjorden opnar seg mot grendene i Vevring.
– Lus frå oppdrettsnæringa er nok meir utfordrande i dei lengste fjordbassenga, meiner Aase.
– Klart betre enn i 2018 og 2019, men alt er relativt, kommenterer Eiliv Erdal, leiar i Naustdal Elveeigarlag.
Han meiner at kultiveringsarbeidet som er gjort i elva siste åra, er viktig. Nausta har hatt eit tett samarbeid med styremaktene og interesseorganisasjonen Norske Lakseelver, og Nausta har klart å halde gytebestandmåla siste seks åra, trass nokre svært magre år når det gjeld innsig og oppgang.
– Arbeidet med å forbetre elvebotnen har gitt yngelen betre skjul og fleire kvileplassar i elva. Det har gitt langt betre overleving og betre vekst, meiner Erdal.
God laksesesong i Gaula. Rebekka tok laks på fem kilo i første kast
15.000 tonn skal flyttast for å få fisken til å yngle
Har investert 15 millionar
Han seier at det er investert 15 millionar kroner i forbetringstiltak, gjennom offentlege tilskot og prosjektmidlar, utan at det har kosta elveeigarane så mykje.
Til liks med Aase meiner Erdal at oppdrettarane i liten grad kan skuldast for dei dårlege åra i Nausta. Han seier at det har vore mindre innslag av lus og at oppdrettarar i Førdefjorden brukar laser og monterer såkalla luseskjørt for å få redusere talet på lus.
– Dessutan har Miljødirektoratet auka oppsynet sør for Stad, og på den måten avgrensa bruken av ulovlege flytegarn, påpeikar Erdal.
P .S. Jan Erik Aase har fått store laksar før, men i år er han så langt slegen av veslebror Bengt Ove Aase, som landa ein holaks på 11,8 kilo på motsett elvebreidd. Fisken hadde 0–10 lus og vart sleppt ut igjen, fortel Laksebørsen. Den største Nausta-laksen som er landa i år, er på 14,5 kilo og vart fiska på Friis-retten av forretningsmannen Calix Black Ndiaye frå Bergen,
Det er elveeigarlaga som bestemmer om dei vil vere med på Laksebørsen som den kommersielle organisasjonen Elveguiden.no står bak. Fiskarane vert då pålagde å melde inn resultatet til eit fangstrapporteringssystem.
28.07.2020 | Kilo 2020 | Tal laks | Snittvekt | Sleppt ut igjen |
Nausta | 2126,9 | 560 | 3,8 | 52,3 % |
Gloppenelva | 400,9 | 69 | 5,8 | 20,3 % |
Jølstra | 448,9 | 84 | 5,3 | 85,7 % |
Kjelde. Laksebørsen/Elveguiden.no