Stans i laksefisket i Tanavassdraget i 2021
Noreg og Finland har blitt einige om å ikkje opne for noko laksefiske i Tanavassdraget den kommande fiskesesongen. Stansen gjeld alle reiskapar og alle delar av vassdraget.
-Den siste statusrapporten for laksebestandane i Tanavassdraget viste at fleire av dei største bestandane ikkje lengre har noko haustbart overskot. Oppgangen av laks i vassdraget har gått jamt nedover dei siste åra. Når det ikkje er eit haustbart overskot i vassdraget, er naturmangfaldlova tydeleg på at det ikkje kan bli opna for fiske på desse bestandane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Stansen i laksefisket i 2021 skjer i tråd med artikkel 16 i Tanaavtalen, der partane har ei plikt til å avgrense eller stanse fisket dersom tilhøva i vassdraget, slik som kritisk svikt i oppgangen av laks, tilseier det.
Lokal støtte for stans
Noreg og Finland vil fatte nasjonale vedtak om å stanse fisket på sine respektive delar av vassdraget. På bakgrunn av desse vedtaka nedfeller partane stansen i fisket i ein særskild protokoll til Tanaavtalen. Lokale rettshavarar på begge sider av vassdraget har vore involverte i diskusjonane. På norsk side har stansen i laksefisket støtte frå dei lokale representantane.
Når det ikkje blir opna for laksefiske i Tanavassdraget, inneber dette at ingen grupper av fiskarar kan fiske laks eller sjørøye den kommande sesongen. Stansen gjeld alle reiskap og alle deler av vassdraget. Klima- og miljødepartementet vil snart sende forslag til naudsynte endringar i dei tre fiskeforskriftene for Tanavassdraget ut på høyring.
Utvida fiske etter gjedde og sjøaure
I tillegg til endringar i føresegna om laksefiske, blir det foreslått å utvide fisket etter andre artar enn laks og sjørøye i vassdraget. Mellom anna går departementet inn for å opna for eit utvida fiske etter gjedde og sjøaure. Tanavassdragets fiskeforvaltning har foreslått dei fleste av endringane i fisket etter andre artar i dei norske delane av vassdraget, og vil òg få eit hovudansvar for administreringa av dette fisket på norsk side.
-No er det avgjerande å bygge opp igjen desse viktige laksebestandane slik at dei komande generasjonane også skal få glede av å kunne hauste Tanalaks i framtida, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).