Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Lakseseminar i Lærdal 4. og 5. september

Publisert: 08.07.01

Norsk Villakssenter inviterer til villaksseminar i Lærdal 4. og 5. september.

- Hausten 2000 og vinteren 2001 fekk Lærdalselvi og ei rekke elvar den triste meldinga om at laksedreparen Gyrodactylus salaris var funnen, seier direktør Alf Olsen jr. ved Norsk Villakssenter, som står som arrangør av dette sjette seminaret om villaksen.
- Parasitten er ein av dei største menneskeskapte trugsmåla mot laksen. Det har vore sterk fokus på dyresjukdommar i Europa og Noreg, og det er sett av store midlar for å bekjempe dei. Fleire mislukka aksjonar har sett spørjeteikn ved rotenon som metode for å utrydde parasitten, men utan at det er komme alternative behandlingsmetodar på bana. Det har vore mobilisert for å få politiske styresmakter til å løyve naudsynte midlar for å hindre spreiing og utrydde parasitten frå det norske økosystemet. Samstundes byrjar fleire å stille spørsmål ved om dette i det heile let seg gjere, sier Olsen.

Programmet er utforma i eit samarbeid mellom Direktoratet for naturforvalting, Statens dyrehelsetilsyn, Norsk institutt for naturforsking, VESO og Norsk Villakssenter.
Deltakarane på tidlegare seminar har vore privatpersonar og representantar frå organisasjonar, næringar og forvaltninga. Deltakinga har vore god. Vi reknar med at temaet i år kjem til å engasjerer alle som er opptekne av villaksen si framtid.
Det er ikkje deltakeravgift på seminaret, men sidan all mat blir servert på Villakssenteret må den betalast på førehand. Prisen er kr 500,-.
Påmelding og betaling av servering må skje innan 6. august.



Program



Gyrodactylus salaris - kveletak på laksen? Om parasitten som trugsmål, om lokalt handlingsrom og engasjement, om nasjonale strategiar og tiltak og om politiske vilje.



Tysdag 4.september : Gyrodactylus salaris som trugsmål mot norske laksestammer.Ordstyrar, Alf Olsen jr., Stiftelsen Norsk Villakssenter.


Gyrodactylus salaris - framand fugl i norske økosystem? Om introduksjon av nye artar og verknader på artsbalansen. Peter Johan Schei, seniorrådgjevar Direktoratet for naturforvalting.



Gyrodactylus salaris

- villaksens verste smittestoff. Eivind Liven, Veterinærdirektør, Statens dyrehelsetilsyn

- Sentralforvaltninga


Gyrodactylus salaris - kveletak på lokalsamfunnet? Om Lærdal med og utan G. salaris. Olav Wendelbo, ordførar Lærdal kommune.



Gyrodactylus salaris - kveletak på lakseforvaltinga? Om status for handlingsplanen mot G. salaris. Norunn Sæther Myklebust, avdelingssjef Direktoratet for naturforvalting.



Korleis skal vi handtere G. salaris?

Del 1 Oppdaging av smitte, avgrensing og hindre vidare smitteOrdstyrar, Ivar Hellesnes, Fylkesveterinæren for Trøndelag.


Korleis blir smitten spreidd? Tor Atle Mo, forskar Veterinærinstituttet.


Overvaking som grunnlag for tiltak. Om løpande overvaking og beredskap ved tilbakefall. Gunnar Hagen, avdelingsdirektør Statens dyrehelsetilsyn.


Smittepress og lokalt engasjement - kan vi gjere alle til laks? Lars Speilberg, rådgjevar Fylkesveterinæren for Buskerud, Vestfold og Telemark.




Kva kan ein gjere lokalt når parasitten er påvist?


· Røynsler frå Steinkjer Ola Moxness, Distriktsveterinær i Steinkjer.

· Røynsler frå Lærdal Kåre Rudningen, Distriktsveterinær i Lærdal.

· Røynsler frå Nordkalotten Trond Slettbakk, Fylkesveterinær for Troms og Finnmark.





Bevaringsstrategiar - økologiske konsekvensar over lengre tidOrdstyrar, Norunn Sæther Mykelbust, Direktoratet for naturforvaltning.

'
Gjer kultivering i smitta vassdrag vondt verre, eller sikrar det laksen for framtida? Gunnbjørn Bremset, Direktoratet for naturforvalting.



Sikker som banken eller ………?

Om status for genbanken. Jarle Steinkjer, Direktoratet for naturforvalting.



"Gyrodactylus salaris og genressursar hjå laks: verknad av ulike forvaltningstiltak". Om utviklinga av det genetiske materialet. Kjetil Hindar, Norsk institutt for naturforsking.


Leve laksen - kva med sjøauren? Omsynet til andre artar - langsiktige økologiske konsekvensar
Eyvin Sølsnes, fiskeforvaltar fylkesmannen i Sogn og Fjordane.


Kampen mot parasitten sett i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Tor Heggberget, direktør Norsk institutt for naturforsking.



G. salaris i Sverige - Lever baltisk laks og G. salaris i skjønn harmoni?

G. salaris på Västkusten - ein repetisjon av den norske tragedien?
Fiskeriverket Sverige.



Onsdag 5. sept.:



Strategiar for å utrydde parasitten Ordstyrar, Gunnbjørn Bremset, Direktoratet for naturforvalting.



Har rotenon utspelt si rolle?

Erfaringsoppsummering - ny metode. Trond Haukebø, leiar Metodegruppa for rotenonbehandling.



Når ein lukkast - elva etter rotenonbehandling. Åge Wold, leiar Norske Lakseelver.


Sperre og nullgyting - kostbar utopi? Torbjørn Forseth forskingsleiar Norsk institutt for naturforsking, leiar S(perrer)T(rapper)OPP(vandring)-gruppa.


Alternative kjemiske midlar for utrydding av G. salaris. Jarle Steinkjer, Direktoratet for naturforvalting.



Løyser tilsetjing av metall alle problem? Reddar verten, men kva med parasitten - utrydding eller redusert smittepress?

Espen Lydersen, prosjektleiar metallprosjektet, Norsk institutt for vannforsking.



Beredskap ved tilbakefall. Når meldinga kjem - kva gjer ein?

Inger Mette Hogstad, Fylkesveterinæren for Møre og Romsdal.




Trong for handling og systematisk langsiktig arbeid. Om tidsaspektet i kampen mot G. salaris.
Ketil Skår, Veterinærmedisinsk oppdragssenter (VESO).


Politisk vilje til handling?Ordstyrar, Alf Olsen jr., direktør Stiftelsen Norsk Villakssenter.



Statens mange ansikt - eit hinder for utrydding av G. salaris frå norske vassdrag? Børre Pettersen, medlem av Villaksutvalet.




G. salaris - kveletak på fiskarane?

Tek parasitten laksefisket frå oss? Espen Farstad, Norges jeger og fiskerforbund.




G. salaris - kveletak på lokale politikarar?

Kvar er engasjementet for laksen som grunnlag for lokal verdiskaping? Ordførar Kolbjørn Eriksen, Grane kommune.




G. salaris - kveletak på sentrale politikarar?

Innser ein alvoret og løyver dei naudsynte midlane?

Stortingspolitikar.




Von i hengande snøre - når er G. salaris fjerna frå norske økosystem?

v/ Miljøverndepartementet.


 

Kategori: