Publisert: 03.08.01
Over 900 laks på tilsammen 4,5 tonn er landa frå Bondalselva i år. - Har aldri opplevd maken, sier Bjørn Urkegjerde i Sunnmøre elveeigarlag til Sunnmørsposten i dag.
- Folk meinte det var fantastisk då det midt på 1970-talet vart fiske 70-80
storlaksar. I år har det vore fiska over 400 storlaksar med ei
gjennomsnittsvekt på rundt fem kilo. Det er mest ikkje tru å tru, seier
Urkegjerde.
Fisket slutt for i år
Då elva vart stengt for fisk ved utgangen av juli var det drege på land 480 pjakk, fisk under tre kilo, og 434 storlaks.
Fisket starta
15. juni. Samla fangst er på om lag 4500 kilo, noko som er to tonn meir enn
i fjor. Den største fisken som vart teken i år, var på 12 kilo, men Urkegjerde
(53) har observert fiskar på minst 15 kilo.
Urkegjerde slengde si første fluge i
Bondalselva som seksåring. Han er ein av dei store veteranane i elva. Og han held koken. I år har
han drege på land 13 laks og 15 pjakk.