Publisert: 08.07.01
Norsk Villakssenter inviterer til villaksseminar i Lærdal 4. og 5. september.
- Hausten 2000 og vinteren 2001 fekk Lærdalselvi og ei rekke elvar den triste meldinga om at laksedreparen Gyrodactylus salaris var funnen, seier direktør Alf Olsen jr. ved Norsk Villakssenter, som står som arrangør av dette sjette seminaret om villaksen.
- Parasitten er ein av dei største menneskeskapte trugsmåla mot laksen. Det har vore sterk fokus på dyresjukdommar i Europa og Noreg, og det er sett av store midlar for å bekjempe dei. Fleire mislukka aksjonar har sett spørjeteikn ved rotenon som metode for å utrydde parasitten, men utan at det er komme alternative behandlingsmetodar på bana. Det har vore mobilisert for å få politiske styresmakter til å løyve naudsynte midlar for å hindre spreiing og utrydde parasitten frå det norske økosystemet. Samstundes byrjar fleire å stille spørsmål ved om dette i det heile let seg gjere, sier Olsen.